Solrik skitur rundt Gravfjellet 16. februar
Heile 23 kuldegrader på morgonen skremte kanskje aktuelle turdeltakarar, for vi vart berre fire med på turen. Men ved starten på Selstølhøgde midt på dagen var det berre 11 minus, heilt stille og varmande sol.
Skrevet av: Tor Harald Skogheim

Og stadig betre vart det utover dagen, i løyper som var utruleg bra trass i ganske så lite snø. Turen var sett opp i samarbeid med Øystre Slidre kommune, i høve Friluftslivets år.
Men den planlagte runden om Kjølafjellet måtte droppast, for der er det enno så lite snø at løypemaskina risikerer å kjøre sund. Området har heldigvis mange gode alternativ, og vi valde runden rundt Gravfjellet.
Vi starta i fine spor gjennom Rauddalen, og hadde lang og god matpause i solveggen ved Rauddalsbue, i lag med mange andre. Der er det utruleg flott utsyn, både mot Bitihødn og dei høge tindane nord for Bygdin, og mot fjella sør og vest i Vang.

Turen vidare held fram i løypa som svingar seg rundt vestsida av Gravfjellet, deretter over ei lang skogsmyr og ned forbi Skreostølen og til Yddin Fjellstogo. Eit par litt bratte bakkar ned gjennom skogen gjekk utan store uhell, og frå fjellstogo var det berre herleg i prima spor over flatene og til slutt i lett stigning opp att til den store, gratis parkeringsplassen på Selstølhøgde.
Se også

