Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Trugetur gjennom granskog, over myrar, gjennom fjellbjørkeskog og opp på snaufjellet.

Tysdag 21. januar gjennomførte Seniorgruppa sin årlege trugetur i skogs- og fjellområdet ovom skiferbrotet i Rogne.

Publisert: 26. januar 2025
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Pause i fjellbjørkeskogen Foto: Bjørn Vegar Johnsen

6 spreke pensjonistar stilte til start ved skifermjølfabrikken Isola Skifer Rogne AS. Turen gjekk først på ein litt tung og bratt skogsveg ca 1 km til litt over Kalvedalslina (høgspentlina frå Kalvedalen kraftverk nord for Skrebergo). Så over på trugestigen som kjentmann og trugeentusiast Hans Christian Bråthen og turleiaren hadde laga og halde ved like i vinter. Dei første 2 km her gjekk for det meste over lange, slake myrdrag forbi Bøllstadtjednet. Den siste kilometeren gjekk i sikksakk bratt opp gjennom fjellbjørkeskogen til turen enda oppe på eit flatt snaufjellsplatå like vest for Skarvemellen. Trass i mildversperioden før turen, var det nok snø å gå i. Berre oppe på snaufjellet var nesten all snøen blåsen bort.

På toppen av turen Foto Terje Bratrud 

Like etter start fekk vi utsikt ned i dei nedlagde skifergruvene på begge sider av skogsvegen. Oppe ved Kalvedalslina hadde vi første pausen der vi justerte trugene og fortalde litt om Valdres skiferbrudd og området vi skulle gå i. Før oppstigninga gjennom fjellbjørkeskogen hadde vi ein lengre mat- og drikkepause. Neste pause var oppe i snaufjellet. Utsikten av dårleg på grunn av skodda denne dagen. Både Rundemellen og Skarvemellen var dekt av skodda, men der vi stod på platået, nådde heldigvis ikkje skodda ned, og vi kunne sjå ned på Langetjednet lenger borte i nordvest. Det var ingen gode rasteplassar å finna før vi kom ned i fjellbjørkeskogen. Der gjorde to vindfall nytte som sitjeplassar, og vi hadde ein lang og god matpause der, og praten gjekk livleg.

Tilbaketuren gjekk i same traseen. Turen ned gjekk naturlegvis fortare enn turen opp. Det blei likevel tid til ein del prat og informasjon, kanskje mest om skiferproduksjonen i området. Valdres skiferbrudd blei stifta i 1899. Produksjonen av takskifer blei avslutta på 1970-talet, men skifermjølproduksjonen held fram enno.  

Turen var i alt 8,3 km og blei gjennomført på 4 timar inkludert pausane. Vi hadde ikkje uhell av noko slag, og turdeltakarane sa dei var svært godt fornøgde med turen.

Snart ved målet Foto Gunnar Mòden

Tusen takk til turdeltakarane for triveleg samvær og til Hans Christian Bråthen for alt arbeidet han har lagt ned med trugestigen og for god informasjon under vegs på turen.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem