Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt og nyheter

Herleg reserveskitur ved Yddin 8. desember

Den planlagte skituren på Valdresflye 7. desember vart avlyst, varsel om tåke og tett snøvêr freista ikkje når håpet var ei flott turoppleving i låg desembersol.

Publisert: 10. desember 2024
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
God stemning i finvêret, med Skaget ruvande bak Robølstølane Foto: Tor Harald Skogheim

Heile 13 av 15 påmelde takka nei til å bli med på alternativ skitur søndag, i Yddin-området - det kan dei angre på!

Fotostopp i bakken rett opp for brua over Kjølaåne. Foto THS

For vi tre som vart med hadde vi tre flotte timar i strålande sol, vindstille og nokre få kuldegrader. Det var for lite snø til at løypemaskina hadde begynt å kjøre, men vi starta frå vinterparkeringa på Selstølhøgde og gjekk på fjellski innover ubrøytte stølsvegar.

Sola heng lågt over Rundemellen klokka 11, men vi hadde ho med oss heile turen. Foto THS

Her laga vi eigne spor i 15 centimeter nysnø, i herleg føre og sol over fjell og vidder. I nord og vest lyste det ekstra av drivkvite Skaget, Langsuene og Hyllefjellet. I vest dukka etter kvart heile tinderekkja med Rasletind og Kalvehøgdene opp, lysande gullgult som reine Soria Moria slott. Det vart difor fleire stopp innover, for å fotografere, men også berre for å sjå og nyte.

Turen gjekk på stølsvegen austover frå brua over Kjølaåne, og inn til stølane Bergset. Der vart det lang og god matpause i ein solvegg før vi fylgde vårt eige spor attende.

«Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur» - som det heitte då vi skreiv stil på folkeskulen!

Heimturen frå Bergset er akkurat starta, bak lyser det av Langsuene og Hyllefjellet. Foto THS
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem