Triveleg sykkeltur i strålande haustver i vill og variert natur
Laurdag 7. september gjennomførte Seniorgruppa den lenge utsette sykkelturen frå Maristova til Lærdalsøyri. Veret kunne ikkje bli betre. Sol frå skyfri himmel, temperatur som den varmaste sommardag.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
4 deltakarar og 2 turleiarar starta turen etter å ha prata litt om den gamle kongevegen og historia til Maristova. Vi sykla for det meste på den gamle riksvegen gjennom Lærdal, litt på den nye E16 og noko på smale fylkesvegar med liten biltrafikk.
Turen gjekk gjennom vill natur i i øvste delen av dalen og grøderikt landbrukslandskap lengst nede. Vi fekk sjå gammal og godt bevart byggeskikk både oppe i dalen og nede på Lærdalsøyri.
Vi hadde mange stopp for å få med oss høgdepunkta som t.d. Borgund stavkyrkje, nedre del av Vindhella vegen, Husum hotell, husmannsplassen Galdane, mange tronge gjel.
Turen var i alt på 54 km. Det veksla mellom lange utforbakkar og lange flate strekk. Høgdeskilnaden var 813 m, og under vegs var motbakkane til saman berre 81 m. Dette er ein lett tur. Effektiv tid på sykkelen var 2 t 40 min. Heile turen tok 5 timar med dei mange stoppa i det fine veret. Absolutt ein tur å anbefala.
Vel nede på Lærdalsøyri åt vi pizza på Villakssenteret. Tilbake til Maristova blei vi og syklande frakta med minibuss med stor tilhengjar.
Tusen takk til deltakarane for triveleg tur saman.
Turleiare Bjørn Vegard Johnsen og Torkjell Haugen