Til Godtumen på Skreddalsfjellet i strålande vêr 7. sep - Kremtopp 2024
Trass i finvêr fleire dagar, og flott vêrvarsel, var det berre to spreke damer som ville vera med på tur i stølsfjellet i Øystre Slidre denne laurdagen. Med i fylgjet var også to ivrige hundar, Gaute og Kompis, og vi fem fekk ein kjempefin dag med herleg utsyn.
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Godtumen, som er med i Kremtoppjakten i år, er eitt av fleire høgdepunkt på Skreddalsfjellet, den markerte ryggen vestover frå Skaget. Start var frå stølane i Sørre Skreddalen. Tydeleg skilt peikte mot Godtumen, og etter vel tre kvarter på god stig var vi på toppen på 1414 moh., akkurat same høgde som Spåtind. Her vart det lang og god matpause, også for å nyte utsyn i alle retningar. Noko dis, mest i nordaust, gjorde at vi ikkje fekk sjå Rondane. Men vestover såg vi forbi Falketind og heilt til Store Austanbottstind.
Turen held fram vestover ryggen, på herleg underlag, nesten utan stein. Snart var vi på Fagerdalsknatten (1397 moh), og etter litt bratt ned og slakare opp att nådde vi toppunkt 1398 moh lengre vest på Skeddalsfjellet. Her var utsynet ned mot Vinstre, og mot tindar og høer, vidder og vatn, om muleg endå betre. Sjølv utan kikert kunne vi sjå vi at toppen av Glittertinden var utan snø, kikerten stadfesta dette. Utruleg at toppskavlen, som var over 30 meter tjukk for knapt 100 år sidan, er heilt borte! Sjølv så seint som i år 2000 var skavlen 13 meter tjukk!
Etter nok ein god pause starta siste etappe, som gjekk på sørsida av tjern 1366 moh (som no nærast er attgrodd myr!), og vidare utover ryggen mot søraust. For det meste på stig/tråkk og med ein del vardar som rettesnor, ned til den gamle stigen frå nørre Skreddalen og langs denne til bilane att.