El-sykkeltur på Stølsvidda i fint sommarver
4 påmelde deltakarar, 2 turleiarar og ein hund var med på sykkelturen på Stølsvidda torsdag 25. juli. Turen skulle ha vore gjennomført to dagar tidlegare. Men vervarslinga var usikker, og difor blei turen utsett. Dette var første gongen seniorgruppa arrangerte tur kun med el-syklar. Vi ville prøva ut korleis dette ville fungera.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turen var ein rundtur med start ved 6-kanten på Vaset, via Nøsen, Langestølen, Tyrisholt, Brattåsen, Gomobu og tilbake til start. Heile runden var 40 km.
Stølsvidda er eit eldorado for sykkelturar, og mange syklistar nytte det fine veret.
Første skikkelege stopp var på utsiktspunktet ca. 4 km frå start. Her frå er det vid utsikt, men så tidleg på dagen var det enno skodde i Jotunheimen, så toppane der få såg vi ikkje før seinare på turen.
Neste stopp var ved vatnet Rennsenn der turleiar orienterte om livet og aktiviteten i fjell i tidleg historisk tid.
Så bar det vidare mot Langestølen. Her blei det ein lengre stopp med nydelege vaflar og kaffi og triveleg prat.
På Tyrisholt var vi innom DNT-hytta der og gjorde oss kjende med den.
Oppe i vegkrysset på Brattåsen nytte vi det vide utsynet, og no kunne vi sjå toppane vidt omkring. Før dei bratte bakkane forbi Gomobu studerte vi toppane i aust, m.a. Mellane, Langsuene, Synnfjellet.
Etter 4 timar medrekna lange pausar var vi framme ved bilane. Effektiv sykling var 2 t. 15 min. Men i det fine veret valde vi å ha lange pausar.
Vi gjennomførte turen utan uhell. Under evalueringa av turen kom det fram at deltakarane var godt nøgde med turen, og dei kom med nyttige tips og ønskje for framtidige el-sykkelturar.
Takk til turdeltakarane for triveleg samver på turen.