Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt og nyheter

Sykkeltur i Sør-Etnedal i varmt og strålande ver

Sykkelturen i Sør-Etnedal 25. juni var tredje turen her med Torodd Lybeck som kjentmann. Etter å måtta utsetja ein annan sykkeltur på grunn dårleg ver tidlegare i juni fekk vi denne gongen det beste veret vi kunne tenkja oss. Sol og varme, ja kanskje i varmaste laget i motbakkane.

Publisert: 01. juli 2024
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Opp mot Klevgard Foto: Bjørn Vegar Johnsen

7 påmelde deltakarar og to turleiarar starta syklinga frå forsamlingshuset Skoghall like sør for Bruflat sentrum. Første stopp var på brua over Etna der vi såg det ville elvegjelet. Neste mål var den gamle mølla. På veg der frå møtte vi mølleeigaren som gjerne vil visa oss mølla neste gong vi arrangerer turen.

Vegen opp og forbi Kleivgard er tung. Men det er inga skam å gå av sykkelen i bratta. Det var det fleire av oss som gjorde.  Etter bratte utforbakkar kom vi ned til Voll. Etter avtale der sykla vi gjennom tunet og ned på skogsvegen nedanfor. Her hadde uveret Hans sett sine merke i haust, men vi kom vel fram til Hellebrufossen, og seinare kryssa vi Lundebrue. Her hadde vi ein lengre pause der Torodd Lybeck fortalde om bestefar og forfattar Sigurd Lybeck, mannen bak m.a. bøkene og teikneseriane om Jens von Bustenskjold.

Torodd fortel om bestefaren Sigrud Lybeck Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Frå Lundebrue sykla vi på vegen på vestdiket av Etna. Dette er ein veg som blei laga på elvekanten etter at elva vart retta ut på 50- og 60-talet. Di lenger sør vi kom, di mindre brukt er vegen og meir grasdekt er den. Til slutt er graset i midten så høgt at vi berre så vidt ser to vegspor. Til slutt kryssa vi brua over kanalen eit lite stykke nord for Etna Camping. Her var det lagt til rette for sykling i jordekanten.

Lundebrue Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Langs vegen sørover såg vi fleire heggetre som var angrepne av heggespinnmøll. Eitt av trea var så hardt angripe at heile tret med stamme og greiner var inntulla i eit kvitt nett som heggespinnmøllen hadde spunne. Eit utruleg syn.

Heggespinnmøllen foto: Jørgen Wangensteen

På campingplassen hadde vi den lengste pausen før vi sykla same vegen tilbake. Motbakkane frå Voll er bratte og tunge. Det merkte vi i det varme veret. I ein pustepause, oppdaga vi ein hoggorm som tydeleg ikkje likte å få besøk der midt på vegen. 

Etter å ha sykla 22 km kom vi  tilbake til Skoghall til planlagt tid og utan nemneverdige uhell. Her hadde vi ei evaluering av turen, fekk mykje ros og samtidig gode tips og ønskje for framtidige turar.

Turen takk til Torodd Lybeck for god informasjon på turen og for triveleg song.

Takk til turdeltakarane for triveleg tur og godt samver.

Turleiar: Bjørn Vegard Johnsen og Eline Sundheim

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem