Onsdagssnerten: tur til husmannsplassen Hamaren
Ein tur til husmannsplassen Hamaren, er ein fin tur på graskledd skogsbilveg. Ikkje langt og passe bratt. Særs hyggeleg at vi denne ettermiddagen også hadde fått med oss ein ung kar, noko alle dei sju damene sette pris på.
Skrevet av: Anne Reidun Tvenge
Vegen opp til Hamaren er merka med kvitt og lett å finne. Oppe på husmannsplassen er låven restaurert. På veggane er det hengt opp ei tavle med bilder, og ei anna med historia om han Ola i Hamare.
Historia vart det høgtlesing av, imponerande korleis menneska klarde seg for fleire hundre år sidan. Turboka vart signert før vi tok turen vidare bortover mot Skjeftisbakken.
Kaffe og noko å bite i tok vi på ein høveleg fin stein med utsikt til Hugakøllen og Hensfjelle. Med godt samla lokalkunnskap fekk vi også god oversikt over gardar vi såg på vestsida.
På turen nedatt var vi innom nerre hamarleet og det er heilt klart at husa vart ikkje sett på dyrka mark.
Har du lyst på ein tur til Hamaren er det god turbeskrivelse i Turbok for Vang.