Onsdagssnerten: Triveleg kveldstur langs Vinda 22. mai
DNT Valdres hadde lagt «onsdagssnerten» denne kvelden til Øystre Slidre og det mykje brukte stignettet rundt elva Vinda. I alt 13 var med på turen, som gjekk i strålande sol.
Publisert: 28. mai 2024 Skrevet av:
Tor Harald Skogheim
Turreferat
Turfølget i fint driv oppover langs austsida av Vinda, opp mot MosbrueFoto: Tor Harald Skogheim
Stor vassføring i elva gjorde turopplevinga ekstra fin denne kvelden, sjølv om vatnet hadde minka ein god del siste veka.
Turen starta frå Sebu Bil, på skogsveg og stig på austsida av elva opp til Mosbrue, siste delen tett på elva. Nedover att på vestsida av elva måtte vi eit kort stykke gjennom næringsområdet Raudbrøtmoen før vi kom ut att i skogen. God sti førte oss bort til elva, og så tett på denne nesten heile vegen ned att til Sebu Bil.
Øvre Stampefoss er eit mektig skue når vassføringa i Vinda er stor, slik som denne kvelden. Foto: Tor Harald Skogheim.jpg
Undervegs vart det god stopp ved begge Stampefossane, som er eit imponerande skue når det er så mykje vatn som denne kvelden.