Trugetur til Langetjernet
Vi var heldige med veret. Turen starta med kuldegrader. 4 kvinner og 4 menn var med på trugeturen denne dagen.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Vi starta ved skifermjølfabrikken BMI Norge avd. Rogne i skiferbrotet i Rogne. Her hadde vi ein kort gjennomgang av historia til skiferdrifta her. I dag er det slutt på produksjon av takskifer, men skifermjølfabrikken produserer skifermjøl som m.a. blir brukt i takpapp.
Turen gjekk først opp ein bratt skogsveg etter at vi hadde fått utsikt ned i dei gamle skifergruvene. Etter ca. ein km gjekk vi over i terrenget der trugeentusiastar har halde oppe trugestiar i heile vinter. Turen gjekk i vekslande bratt og flatt lende, først i granskog, så i fjellbjørkeskog og til slutt i ope lende fram til Langestjernet 1043 m.o.h.
Nær vestenden av tjednet har entusiastar sett opp ein gapahuk. Her hadde vi ein god matpause med utsikt mot Skarvemellen.
Vi gjekk tilbake same leia.
Vi var heldige med veret. Turen starta med kuldegrader. Då vi var nesten nede att, var snøen blitt fuktig utan at det skapte ising på trugene. Vi gjennomførte turen utan uhell av noko slag.
Takk til deltakarane for ein fin tur. Ekstra takk til Hans Christian Bråthen og Ole Haugen som hadde gått opp og halde ved like turgestien i heile vinter og som og deltok på turen med nyttig informasjon og muntre historier.
Referent: Bjørn Vegard Johnsen
Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden