Seniorgruppa feira 10 år
Seniorgruppa i DNT Valdres blei stifta i september i 2013. Sidan den gongen har gruppa arrangert tallause turar: fotturar, skiturar, sykkelturar og trugeturar.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Laurdag 7. oktober vart jubileet markert på Bygdin høyfjellshotell. Alle som har vore turleiarar i seniorgruppa var inviterte og 8 av dei møtte opp.
Som det seg hør og bør for turleiarar starta vi dagen med ein fottur til Bygdisheim og tilbake. Dagen før kom den første snøen, så det var litt småglatt fleire parti på vegen. Men veret var strålande, så det blei ein svært fin tur.
Etter turen var det lunsj inne på hotellet. Ester Christensen som var initiativtakar til gruppa, fortalde om korleis gruppa blei til. Det blei ei triveleg stund med mykje turprat. Som takk for innsatsen gav styret i DNT Valdres turleiarane kvar si bok av Mikkjel Fønhus.
I november tar gruppa opp att det tradisjonelle haustmøtet der turane i år blir omtala og planane for neste år blir presentert.
Hilsen seniorgruppa