9. september var det Kremtopptur til Skruvdalstinden
På grunn av ekstremveret «Hans» blei denne turen utsett frå tysdag 8. august til laurdag 9. september. 5 påmelde deltakarar, to turleiarar og ein hund var med på turen. Dagane i førevegen hadde vore varme og fine. Denne dagen starta med tett skodde, men vi håpa på oppklarning, så vi la trottig i veg.
Skrevet av: Bjørn Vegard Johnsen
Turen starta ved Skogalægret lengst inne i Skrautvål sameige. Der parkerte vi bilane og følgde den umerkte og stadvis utydelege og blaute stigen fram til Skruvdalsbua. Den er ei av dei mange opne og godt vedlikehaldne buene i Gausdal og ligg i Langsua nasjonalpark. Her trefte vi 2 trivelege karar. Dei hadde komme frå Liomseter dagen før og overnatta i bua.
Skruvdalsbua ligg om lag midtveges mellom Skogalægret og Liomseter. Stigen dit er tydelegare og meir brukt enn den stigen vi kom. Fram til då hang skodda tett ned i liene på begge sidene av Skruvdalen. Etter ein lang og god matpause letta skodda, og vi la i veg oppover mot tinden på god og tørr stig. Dette var den brattaste delen av heile turen, men likevel ikkje særleg tung.
Etter ca. 1 km. var vi oppe på Skruvdalstiden som eigentleg berre er topp-punktet på ein lang fjellrygg 1097 m.o.h. Den er grensetopp mellom Gausdal og Nord-Aurdal og kremtopp i år. Her oppe på snaufjellet var sikten god i alle retningar. Dei deltakarane som samla på kremtoppar, fekk registrert Skruvdalstinden på lista si. For ein av deltakarane, var dette 12. og siste kremtoppen for henne dette året.
Turen var opphavleg kunngjort som ein rundtur. På grunn av alt regnet som kom den siste månaden, rekna turleiarane at den store myra vi skulle ha gått over lengst nord på turen, ville vera for blaut for ein triveleg tur og kunngjorde at turen skulle gå tilbake same veg som fram. Gruppa bestemte seg likevel for å gå rundturen. Dette viste seg å vera lurt. Turen gjekk no ei eit mykje opnare lende med god utsikt. Myra vi passerte, var mykje tørrare enn rekna med, og stigen var tydelegare og lettare å gå.
Like før vi kom ut av nasjonalparken på Skruvdalsfjellet, fann vi god ly for vinden og hadde siste matpausen. Her frå bar det svakt utfor og etter kvart gjennom ein opnare bjørkeskog enn på første delen av turen.
Vi var framme ved bilane etter 10,5 km om lag etter tidsruta, og alle let vel over turen som vi gjennomførte utan uhell av noko slag.
Tips: For andre som berre har Skruvdalstrinden som turmål, anbefalar vi å følgja stigen der vi kom ned. Gå nokre få hundre meter opp den nye vegen til venstre ved parkeringsplassen og sjå etter ei gulaktiv pil på ein stein på venstre side av vegen. Der byrjar stigen. God tur!
Turleiare: Ester Christensen og Bjørn Vegard Johnsen
Foto: Bjørn Vegard Johnsen