Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt og nyheter

I sol til Rasletinden laurdag 2. september.

Turen vart flytta frå søndag etter varsel om kuldegrader, snø og sterk vind i høgda då. Grunna kort varsel om endringa vart det berre fire som kunne bli med på laurdag, men vi fekk til gjengjeld oppleve ein av flottaste dagane sidan slutten av juni. Og det var mange andre som nytta høvet til topptur, kanskje nokre fordi Rasletinden er med i årets Kremtoppjakt?

Publisert: 12. september 2023
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
Triveleg matpause på toppen av Rasletinden.
Triveleg matpause på toppen av Rasletinden. Foto: Tor Harald Skogheim

Ruta frå toppen av Valdresflye vart varda og T-merka av DNT Valdres i 2014, og året etter vart det lagt solide klopper over våte parti nede på sjølve Flye. Desse var ekstra gode å ha etter ein regntung sommar. 

Ruta mot Rasletinden vart varda og merka av DNT Valdres i 2014.

Etter fyrste stigninga vart det triveleg matpause i varm sol, med flott utsyn mot toppane som no hadde fridd seg frå eit lite skyslør. Underlaget vart meir og meir steinete oppover, men vardar og raude T-ar synte veg opp til toppen av Austre Rasletinden (2010 m). Der vart det ein liten stopp for å nyte utsynet, mens folk kom og gjekk i begge retningar.

Frå Austre Rasletinden (2010 moh) er det flott utsyn mot tindane nord for Leirungsdalen. Tjørnholstinden og Høgdebrotet t.h.
Frå Austre Rasletinden (2010 m) er det flott utsyn mot tindane nord for Leirungsdalen. Tjørnholstinden og Høgdebrotet t.h.

Også vidare til hovudtoppen (2105 m) er det mykje stein, så det var godt å sette seg ned med nistepakka og termosen då vi var oppe. Og rundt oss var det reine fuglefjellet av folk.

Returen gjekk også greitt, så det var ein veldig nøgd gjeng som skildest ved vegen etter turen.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem