ReTuren til Naturfestivalen
Under årets Naturfestival får du høve til å bli betre kjend med DNT ReTuren: Turistforeininga sitt eige reparasjonsverkstad for turklede og friluftsutstyr.
Skrevet av: ReTuren kjem til Naturfestivalen
ReTuren arbeider for at utstyr og klede som blir brukte på tur skal vare lengst mogleg. Gjennom reparasjon, ombruk og redesign ønskjer dei å inspirere fleire til å ta vare på det dei eig og gi nytt liv til slitte favorittar.
Lever inn klede til reparasjon
Under festivalen kan du levere inn turklede og friluftsutstyr til reparasjon, og hente ferdig reparerte plagg seinare.
Innlevering og henting:
Måndag kl. 10.00 - 14.00
Tysdag kl. 12.00 - 16.00
Klede som ikke blir ferdig reparert under festivalen blir sendt til Trondheim for reperasjon og blir sendt tilbake når det er klart.
Les meir om kva som kan reparerast.
Kurs i redesig
Har du ei utslitt jakke, bukse eller anna turutstyr som fortener eit nytt liv? Då kan du bli med på kurs i redesign mandag 10. august.
På kurset lærer du korleis gamle turklede og friluftsartiklar kan syast om til nye og nyttige produkt. Dette er ein sosial og kreativ workshop der deltakarane får utforske moglegheitene for ombruk saman med erfarne kurshaldarar frå ReTuren.
Kurset passar for deg som har litt erfaring med saum frå før og som ønskjer inspirasjon til å ta vare på det du allereie eig.
ReTuren på Sunnmøre?
DNT Sunnmøre ser moglegheiter for å etablere ReTuren på Sunnmøre. Besøket under Naturfestivalen er ein flott sjanse til å bli kjend med konseptet og sjå korleis reparasjon, redesign og ombruk kan bidra til eit meir berekraftig friluftsliv.
Se også