Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage
Bilder fra kurs på Returen Syverksted i 2025

ReTuren til Naturfestivalen

Under årets Naturfestival får du høve til å bli betre kjend med DNT ReTuren: Turistforeininga sitt eige reparasjonsverkstad for turklede og friluftsutstyr.

Published: June 05, 2026
Written by: ReTuren kjem til Naturfestivalen
DNT's offer

ReTuren arbeider for at utstyr og klede som blir brukte på tur skal vare lengst mogleg. Gjennom reparasjon, ombruk og redesign ønskjer dei å inspirere fleire til å ta vare på det dei eig og gi nytt liv til slitte favorittar.

Lever inn klede til reparasjon

Under festivalen kan du levere inn turklede og friluftsutstyr til reparasjon. Nokre plagg blir ferdige i løpet av veka, og resten blir tatt med til Trondheim for reperasjon. Kleda blir sendt tilbake til deg når dei er klare!

ReTuren held til i Røde Kors-huset i Ørsta under festivalen, og har åpent for innlevering:

 - Måndag kl. 10.00–14.00
- Tysdag kl. 12.00–16.00

Les meir om kva som kan reparerast.

Kurs i reperasjon av rifter og revner- mandag 11.august

Flenge i turbuksa eller anorakken? På kurset lærer du ulike måtar å sy att hol og rifter ved hjelp av lapping. På dette reparasjonskurset lærer du grunnleggjande sting for handsaum, slik at du kan reparere klede både heime og på tur.

Kurs i redesig - tysdag 11.august

Har du ei utslitt jakke, bukse eller anna turutstyr som fortener eit nytt liv? Då kan du bli med på kurs i redesign tirsdag 11. august.

På kurset lærer du korleis gamle turklede og friluftsartiklar kan syast om til nye og nyttige produkt. Dette er ein sosial og kreativ workshop der deltakarane får utforske moglegheitene for ombruk saman med erfarne kurshaldarar frå ReTuren.

Kurset passar for deg som har litt erfaring med saum frå før og som ønskjer inspirasjon til å ta vare på det du allereie eig.

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bilder fra sommeråpning på Rauhelleren og Solheimstulen på Hardangervidda.
Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem