
Enkle turar i Sogndal sentrum
Vi har samla dei beste nærturane i Sogndal, som vi varmt kan tilrå. Desse er korte, og mange kan gåast heile året.
Er du ny i bygda eller berre har lyst til å gå ein kort tur for å nyta frisk luft og sol? Då er desse turane å tilrå. Her får du bli kjend med sentrum eller nyta utsikt.
Rundtur - Campusrunden i Sogndal
Denne turen går i sentrum av Sogndal, og tek deg via utsiktspunktet ved Fosshaugane Campus. Turen følgjer Sogndalselva, så denne turen gir deg litt av alt.
Turen er tilrettelagd for trilleturar og rullestol. Den kan også syklast om du foretrekk det.
- Rundtur
- Sesong: Heile året
- Lengde: 3,9 km
- Tid: 1 t 10 min
- Stigning: 54 høgdemeter totalt
Valeberg (sykla terrengsykkel eller gå)
Denne turen er litt utanfor sentrum av Sogndal, og kan særleg tilrådast på den varmare årstida. Du startar nemleg med Vikane badeplass, der det er ei fin strand. Kanskje turen for nokon endar allereie der han startar?
Denne turen går på den gamle vegen mellom Sogndal og Kaupanger. I enden finn du ein turpost med postkasse.
- Turen går tur/retur same veg
- Sesong: Mar - okt
- Lengde: 3,3 km
- Tid: 1 t
- Stigning: 116 høgdemeter totalt
Røvhaugane (sykla eller gå)
Røvhaugane er eit friluftslivsområde rett ved bustadfeltet på Narvasete. Denne turen tek deg opp til gapahuken som er teikna av arkitektar frå Bergens Arkitekthøgskole, der det også er ein etablert bålplass.
Dette er ein fin tur i seg sjølv, men også som utgangspunkt til andre turar. Les meir om kva for nokre, i turforslaget nedanfor.
- Turen går éin veg, frå A-B
- Sesong: Heile året
- Lengde: 1,1 km
- Tid: 40 min
- Stigning: 108 høgdemeter totalt

Turtips til ferskingen
Vil du begynne å gå på tur, men vet ikke helt hvor du skal starte eller hva du skal ha med deg? Her får du litt tips fra oss, slik at din neste tur blir en suksess.
Les videreDagsturhytta Stedjestova
Dette er ein kort, men bratt tur til ein av Sogndal kommune sine tre dagsturhytter. Sjølv om du går ein del høgdemeter, skal denne turen vera mogleg for både små og store føter så lenge ein tek pause når ein treng.
Hytta er open heile året, og mange vel å nyta nista her inne, særleg viss vêret ikkje speler heilt på lag.
- Turen går tur/retur same veg
- Sesong: Apr - okt
- Lengde: 2,5 km
- Tid: 1 t, 30 min
- Stigning: 269 høgdemeter totalt
Sauradn (sykla eller gå)
Mange liker å ta sykkelen fatt medan dei nyt flott natur. Derfor har me teke med denne korte sykkelturen, som er super for både store og små. Denne kan også fint gås på beina.
Turen er flat, og følgjer Barsnesfjorden nesten heile vegen. På vegen kan du også gå innom trimposten Sauraden.
- Turen går tur/retur same veg
- Sesong: Apr - sept
- Lengde: 4,7 km
- Tid: 1 t
- Stigning: 41 høgdemeter totalt
Stedjeberget (sykla eller gå)
Også på denne turen har du utsikt til fjorden heile vegen. Du startar frå Sogndal sentrum og går eller syklar til turposten Stedjeberget. Turen passar for både små og store.
Turen er flat, og store delar går på gammal bilveg. Tidsanslaget er for bruk av sykkel.
Om ein går bør ein berekna opp mot 2 timar totalt.
- Turen går tur/retur same veg
- Sesong: Apr - sept
- Lengde: 5,7 km
- Tid: 1 t
- Stigning: 33 høgdemeter totalt
Aktiviteter i Sogndal Turlag
Se også

