Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Jubileumsarrangement for Sogndal Turlag 50 år

Sogndal Turlag har gleda av å invitere deg til jubileumskveld den 15. oktober med foredrag og festmiddag. Sett av datoen, vi ser fram til å sjå deg!

Publisert: 28. april 2026
DNTs tilbud

Sogndal Turlag vart stifta i 1976 og turlaget vert soleis 50 år i 2026. Dette skal me markere med ein jubileumskveld torsdag den 15. oktober på Quality Hotel Sogndal.

På programmet vert det foredrag med Sigurd Noreide-Felde og festmiddag leia av vår nye styreleiar Tor Martin Brekkeflat. 

Program for kvelden

Kl. 17.30: dørane opnar

Kl. 18.00: Foredrag og tilbakeblikk på 50 år med turlagsaktivitet

  • Velkomen ved leiar i Sogndal Turlag, Tor Martin Brekkeflat
  • Store Skagastølstind og glimt frå eksotiske turar. Biletføredrag v/ fjellførar Sigurd Noreide-Felde
  • Biletkavalkade gjennom 50 år med turlagsaktivitet v/ Tom Dybwad

Kl. 19.45: Festmiddag, tre rettar. Visevert er Tor Martin Brekkeflat

Det vil vere høve til å kome med helsingar under middagen.

 

Jubileumsforedraget er ope for alle. Festmiddagen er for medlemar av Sogndal Turlag og DNT.

Billetar til kvelden kan kjøpes fram til kl. 16.00 her: https://secure.tickster.com/wg3puthu0yjlu9t

Det vil og vere sal av billetar i døra.

Pris

Foredrag: 175 kr.

Jubileumsmiddag: 300 kr.

Jubileumsbok - Sogndal Turlag gjennom 50 år

Boka "Sogndal Turlag gjennom 50 år" vert lansert på jubileumsarrangementet og vil vere til sal under arrangementet.

Sogndal Turlag gjennom 50 år
Sogndal Turlag gjennom 50 år

 

Me gler oss til å sjå gamle og nye turlagsvennar til ein minnerik kveld.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem