Jubileumsarrangement for Sogndal Turlag 50 år
Sogndal Turlag har gleda av å invitere deg til jubileumskveld den 15. oktober med foredrag og festmiddag. Sett av datoen, vi ser fram til å sjå deg!
Sogndal Turlag vart stifta i 1976 og turlaget vert soleis 50 år i 2026. Dette skal me markere med ein jubileumskveld torsdag den 15. oktober på Quality Hotel Sogndal.
På programmet vert det foredrag med Sigurd Noreide-Felde og festmiddag leia av vår nye styreleiar Tor Martin Brekkeflat.
Program for kvelden
Kl. 17.30: dørane opnar
Kl. 18.00: Foredrag og tilbakeblikk på 50 år med turlagsaktivitet
- Velkomen ved leiar i Sogndal Turlag, Tor Martin Brekkeflat
- Store Skagastølstind og glimt frå eksotiske turar. Biletføredrag v/ fjellførar Sigurd Noreide-Felde
- Biletkavalkade gjennom 50 år med turlagsaktivitet v/ Tom Dybwad
Kl. 19.45: Festmiddag, tre rettar. Visevert er Tor Martin Brekkeflat
Det vil vere høve til å kome med helsingar under middagen.
Jubileumsforedraget er ope for alle. Festmiddagen er for medlemar av Sogndal Turlag og DNT.
Billetar til kvelden kan kjøpes fram til kl. 16.00 her: https://secure.tickster.com/wg3puthu0yjlu9t
Det vil og vere sal av billetar i døra.
Pris
Foredrag: 175 kr.
Jubileumsmiddag: 300 kr.
Jubileumsbok - Sogndal Turlag gjennom 50 år
Boka "Sogndal Turlag gjennom 50 år" vert lansert på jubileumsarrangementet og vil vere til sal under arrangementet.
Me gler oss til å sjå gamle og nye turlagsvennar til ein minnerik kveld.
See also