Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Avgående og påtroppende styreleiar av Sogndal Turlag

Årsmøte i Sogndal Turlag 12. februar 2026

Årsmøte i Sogndal Turlag 2026 vart holdt torsdag den 12. februar på Quality Hotel Sogndal. Sogndal Turlag takkar for eit vel gjennomført møte. Det var 31 personer til stades på årsmøtet.

Publisert: 13. februar 2026
Skrevet av: Gry Thyrrestrup
DNTs tilbud

Ny styreleiar

Leif Longvanes trakk seg som styreleiar etter 20 år i styret og 4 år som styreleiar. Tor Martin Brekkeflat ble valt som ny styreleiar. Brekkeflat har tidligaree vært engasjert i Barnas Turlag, men er nytt medlem av styret i turlaget. Vi ønskjer Tor Martin velkommen og ser fram til vidare arbeid.

Takk til Leif Longvanes

Turlaget vil takke Leif for mange års innsats i styret. Leif kom med i styret i 2012, og var kasserar frå 2014 til og med 2021. Så har han vore leiar f.o.m. 2022.
 
Leif har alltid vist stor entusiasme for turlaget. Han har vore pådrivar for at turlaget har fått organisasjonssekretær saman med Luster Turlag, eit svært viktig løft når laget sin aktivitet har blitt så stor, og at ein har fått avtale med DNT Sogn og Fjordane slik at stillinga i dag er fulltid. Leif har vore viktig for bygging av Kjørrdalsselet (i lag med mange andre, ideen kom medan Ove var leiar), og har også vore veldig glad i kysten, og kystturane med overnatting har vore viktig for profilen til turlaget. Det skal også trekkast fram at Leif saman med kona Vibeke var pådrivar for at Barnas Turlag blei oppretta i sin tid.

Turlaget er veldig glad for at Leif vil fortsette å ha verv i turlaget og fortsette sitt engasjement for hyttene våre.

Nestleiar Anne Skaar takka av Leif Longvanes. Foto: Tom Dybwad

Historie om Fuglesteg fortalt av Stein Bugge Næss

Turlaget vil og takke Stein Bugge Næss som holdt innlegg om historia til Fuglesteg. Dette vart eit veldig spennande føredrag der me fikk høyre om arbeidet som har vert gjort på Fuglesteg sida turlaget overtok ansvaret for restaureringa i 2000. Stein Bugge Næs fortalte og om restaureringa av nye løa der det m.o. skal vere utstilling om Fuglesteg si historie. Løa opnast til somaren 2026.  

Stein Bugge Næss fortel om historia til Fuglesteg. Foto: Tom Dybwad

Takk til alle som møtte

Sogndal Turlag vil takke alle som møtte for et vel gjennomført møte. Vi vil også gi en spesiell takk til valnemnda som har gjort en strålande jobb med å skaffe nye medlemar til styret. Me gler oss til enda et godt turår i 2026.

Nytt styre i Sogndal Turlag er:

Styreleiar: Tor Martin Brekkeflat

Styremedlem: Anne Britt Reppen Halset, Bente Leirdal Sleen, May Britt Sva og Ingrid Narum

Varamedlem: Tom Dybwad og Marie Solvoll Lyby

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem