Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Kråkenes Fyr

Kystperler i Sogn og Fjordane

Langs kysten av Vestland finn du eit landskap som er både røft og vakkert, ope og dramatisk – eit område der fjell møter hav og horisonten strekkjer seg uendeleg langt. Her ligg nokre av dei mest særprega og minneverdige fotturane i regionen, frå øyriket i Solund til dei værbitne fjellryggane på Stadlandet. Kvar tur byr på sitt eige uttrykk: karrig kystfjell, lyngheier, svaberg, bratte stigningar og panoramavyer som får deg til å stoppe opp og trekke pusten djupt.

Publisert: 19. mai 2026
DNTs tilbud

Vakre turar i Ytre Sogn

Fottur – Pollatinden i Solund 

Pollatinden er eit av dei mest markante fjella i Solund og byr på ei rå utsikt over det unike øyriket ytterst i Sognefjorden. Turen går i ope og karrig kystterreng, med svaberg, lyngheier og vide horisontar. Frå toppen får du panoramavyer mot havet, øyane og fjellrekkene innover fjorden – ei utsikt som verkeleg viser Solund på sitt mest spektakulære. 


Type tur: Krevjande fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 5,5 kilometer 
Tid: 2 timar, 30 minutt 
Stigning: 506 høgdemeter totalt 
 


Fottur – Hesjetinden i Hyllestad

Hesjetinden er ein flott utsiktstopp i Hyllestad og ein av dei mest populære turane i området. Ruta går gjennom variert terreng med skog, opne parti og etter kvart meir fjellpreg. Frå toppen får du storslått utsyn over fjordlandskapet, fjella i Hyllestad og vidare mot havet. Ein tur som kombinerer god stigning med rike naturopplevingar. 

Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: April-November 
Lengde: 1,9 kilometer 
Tid: 1 timar, 30 minutt 
Stigning: 279 høgdemeter totalt 
 


Fottur til Revjehornet på Stadlandet 

Revjehornet er ein flott og luftig utsiktstopp på Stadlandet, kjent for sine vide panoramavyer mot havet, fjella og det særprega kystlandskapet i området. Turen går i ope og delvis bratt terreng, med lyngheier, svaberg og fjellryggar som gir ei ekte kystfjellkjensle. Frå toppen får du storslått utsyn mot Vestkapp, Stadtplatået og dei mange fjord- og fjellformasjonane som gjer Stadlandet så unikt. Ein kort, men innhaldsrik tur som gir mykje utsikt for innsatsen. 


Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: April-oktober 
Lengde: 5,4 kilometer 
Tid: 2 timar 
Stigning: 571 høgdemeter totalt 

 

Kystperlar i Bremanger

Frøya øya over via Dosabu

På denne flotte turen kan du krysse øya Frøya frå Kalvåg til Nesje, eller omvendt. Høgaste punktet er Fanneskarvarden, som ragar 378 moh. På vegen kan du ta ein pause på Dosabu, eller «Stormhytta» som ho også blir kalla. 
Frå Dosabu får du panoramautsikt gjennom dei store vindauga, ut over havet, skipstrafikken og fuglelivet. Dette er ei flott oppleving, enten du vil nyte ein stormfull dag eller den vakraste solnedgangen ein sommarkveld, frå eit av Noregs vestlegaste punkt. Hytta er i seg sjølv ei oppleving, med si koselege og lune innreiing. 
 
Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 9,6 kilomter 
Tid: 3 timar 
Stigning: ca 400 høgdemeter totalt 
 

 

Fottur til Europas høgste sjøklippe Hornhelen 860 moh 

Hornelen er særmerkt, vidgjeten og fascinerer dei fleste. Dei 860 stupbratte metrane rett opp frå sjøen gjer fjellet til den høgaste sjøklippa i Europa. Ei av dei T-merka løypene til toppen startar heilt i enden av vegen på Hunskår. Første del går i slakt stigande terreng austover i om lag 1 km, før stien svingar vestover med aukande stigning og til dels bratt terreng. Sjølv om delar av turen er bratte, er det verken klatring eller farlege parti. 
På oppturen kan ein nyte utsikta langt nordover mot Møre og innover Nordfjorden. Frå toppen har ein flott utsikt mot Vingen og sørover mot Frøysjøen. 
Det er òg mogleg å gå T-merka sti ned att til Berleneset. Då må du rekne med ein om lag 5 km lengre tur, men i slakare terreng. Heile ruta byr på storslått utsikt vestover mot havet. Denne løysinga krev noko logistikk med bil. 
 
Type tur: Svært krevjande fottur 
Sesong: Jun-nov 
Lengde: 14,4 kilometer 
Tid: 7 timar 
Stigning: 1072 høgdemeter totalt 

 

Fottur til Gulebrystet  

Frå Tiurvegen i Svelgen kan du gå til det spektakulære utsiktspunktet på Gulebrystet. Viss du ikkje vil gå heile vegen på éin dag, er det opplagt å legge inn eit besøk til den koselege DNT-hytta Moldahytta og vidare til Gulebrystet som ein dagstur. Frå Gulebrystet har du vakker utsikt over Frøysjøen og fleire kjende fjell i området. 
Turen startar frå Tiurvegen og er merka med blå pinnar og skilt heilt frå Moldahytta. Undervegs går du gjennom eit flott høgfjellslandskap med utsikt mot fjell som Hornelen og Keipen. Når du kjem til Lianakken, er du om lag halvvegs mellom Moldahytta og Gulebrystet. 
Vel framme kan du nyte utsikta frå benken ved Gulebrystet — det gir eit lite sug i magen å sitte med beina dinglande over fjellkanten. 
 
Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: Apr-okt 
Lengde: 8 km  
Tid: 3 timar 
Stigning: 513 høgdemeter totalt 
 

 

Flotte kystturar i nærleiken av Florø 

Fottur Askrova på langs 

Askrova, «den grøne smaragd», er ei grøn og frodig øy som eignar seg svært godt for turar. For å komme til Askrova tek du rutebåten frå Florø. På denne ruta kan du gå heile øya på langs, frå rutebåtkaia til Hammarset. Turen kan gåast begge vegar. Stien er tydeleg og godt merka, og det finst fleire flotte kvileplassar undervegs. 
Når du kjem til øyas høgaste punkt, Skara, har du utsikt mot øyane sør for Askrova og den særmerkte Alden, «Den norske hest». Vest for Alden ligg Værlandet og Bulandet. 
Dette er ein verkeleg flott kysttur som er overkommeleg for dei fleste. 
 
Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 9,3 km frå A-B 
Tid: 3,5 timar 
Stigning: 340 høgdemeter 


Rundtur på Hovden til Store Skorekinna

På øya Hovden kan du gå ein flott rundtur til og frå høgste toppen på øya; Store Skorekinna (310 moh).  
På øya Hovden kan du gå ein flott rundtur til og frå det høgaste punktet på øya: Store Skorekinna (310 moh). På denne turen får du 360 graders sjøutsikt. 
Undervegs passerer du mellom anna helleristningar frå bronsealderen og Vemannsrøysa, der soga seier at vikingen Vemann ligg gravlagd. Frå Store Skorekinna har du utsikt mot Kvannhovden fyr i vest, som vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. Rundturen går for det meste i jamt og fint terreng, med nokre brattare parti. 
Turen startar frå rutebåtkaia i Barekstad, og det går rutebåt fleire gonger om dagen. 
 
Type tur: Middels krevjande fottur 
Sesong: mai-aug, okt-nov? 
Lengde: 12,7 km 
Tid: 5,5 timar 
Stigning: 511 høgdemeter totalt 


Fottur Grytadalen til Klauvekeipen

Vil du sjå Florø ovanfrå, anbefaler vi denne toppturen til Klauvekeipen (769 moh). Her får du verkeleg utsikt for pengane, og kan sjå utover det vakre øylandskapet som kjenneteiknar Kinn. 
Turen startar frå parkeringsplassen nedanfor Magnhildskardtunnelen. Herifrå går det merka løype og skilt som viser deg vegen til Klauvekeipen. 
 
Type tur: Middel krevjande fottur 
Sesong: jun-apr 
Lengde: 8,6 km 
Tid: 4 timar 
Stigning: 514 høgdemeter totalt 
 

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem