Familievenlege hytter i Sogn og Fjordane
Drøymer du om å ta med heile familien på hyttetur – der de kan utforske fjell, fjordar eller kjenne sjøsprøyten frå havet? I DNT Sogn og Fjordane har vi samla ei rekkje hytter som passar spesielt godt for barnefamiliar. Her får du korte og overkommelege ruter, maks 5 kilometer frå nærmaste bilveg, men likevel med store naturopplevingar innan rekkevidde. Nokre hytter tek deg høgt til fjells, andre heilt ut i havgapet – og mange kan du besøke både sommar og vinter.
Skrevet av: Gry Thyrrestrup
Slik er det å bo på ein DNT-hytte
Våre lokale turlag legger ned ein stor frivillig innsats for at du skal få ein god oppleving når du vitjar våre hyttar. Vi håpar at du får ein god tur og vil ta godt vare på våre hytter. Her kan du lese meir om kva du bør hugsa på når du vitjar ein ubetent DNT-hytte.
Hytter på fjellet
Kollsetestølen i Sogndal
Velkommen på hyttetur til den familievennlege hytta Kollsetestølen i Sogndalsdalen. Her er det turterreng for store og små, og flotte områder å utforske naturen! Kollsetestølen ligg på vestsida av Sogndalsdalen i nærleiken av Sogndal Skisenter, om lag 10-15 minuttars køyring frå Sogndal. Hytta er relativt romsleg med gang, bod/vaskerom og stove med spisebord og sofagruppe. Det er tre soverom pluss ein hems i stova – her er det altså plass til heile familien. Kollsetestølen er ope heile året og kan passe perfekt til vinterens små eventyr.
Tilkomst: 3,4 km frå Rindabotn via Fosskamben eller 6,6 km frå Rindabotn via Stedjekamben
Sesong: Heile året
Nøkkel: DNT-nøkkel
Tal soveplasser: 6 + 2 på hems
Aktivitetar: Dra på fisketur til Kollsetevatnet og Fareggjevatnet – hugs fiskekort. På vinteren er det fint å ta korte skiturar i området.
Hund: Det er ikkje tillat å ha hund inne på hytta
Bestilling: Kollsetestølen | DNT Hyttebestilling
Målsethytta i Vik
Denne flotte hytta finn du ved Målsetvatnet på Vikafjellet, Vik i Sogn. Her kan du køyra bil heilt fram i sommarhalvåret eller ta rutebussen som går mellom Voss og Vik. Målsethytta er altså ein opplagd hytte å besøke viss ein vil på hyttetur på fjellet men ikkje ønskjer å gå så langt. Ta med ungane på eit fantastisk fjelleventyr, kanskje fangar dykk ein fjellaure i Målsetvatnet.
Tilkomst: På sommaren kan du køyre heil fram, på vinteren kan ein gå på ski 1,5 km frå RV 13
Sesong: Heile året
Nøkkel: DNT-nøkkel
Tal soveplassar: 33
Aktivitetar: Målsetvatnet er eit godt fiskevatn, hugs å kjøpe fiskekort.
Hund: Du kan ha med hund men den må være i gang, vindfang eller bur. Det er hundebur i vindfanget på Vetlahytta.
Bestilling: Målsethytta | DNT Hyttebestilling
Gratis digitalt kurs: Hyttetur med DNT
Lurer du på hva som møter deg på en DNT-hytte og hva du må pakke med deg? Ta vårt gratis digitale kurs, som blir du godt forberedt til å overnatte på en DNT-hytte!
Austerdalshytta i Luster
Klar for å oppleve vill og vakker vestlandsnatur, med brear og stupbratte fjell? Da er ein tur til denne familievenlege hytta noko for deg! Her kan ein leike og utforske rett utanfor hytta, og ein kan fint studere breen på god avstand, enten frå hytta om ein ikkje ynskjer å komme tettare på!
Austerdalshytta ligg i tunet ved Tungestølen Turisthytte. Austerdalshytta er ein del av det betente anlegget på Tungestølen om sommaren. Men på hausten, vinteren og våren er hytta ein fullverdig ubetent hytte- som ventar på deg! Tungestølen ligg innst i Veitastrond, heilt attmed Jostedalsbreen.
Tilkomst: Før snøen kjem kan du køyre heilt fram til hytta. På vinterstid blir det brøyta løype frå bommen, da er det 5 km å gå på ski.
Sesong: Oktober - mai (ønskjer du å besøke Tungestølen på sommaren ta kontakt direkte med beteningen på hytta)
Nøkkel: DNT-nøkkel
Tal soveplassar: 12
Aktivitetar Utforsk Austerdalsbreen som ligg 5 km frå hytta. For dei minste kan turen til Nystølen være eit like så stort eventyr. Herifrå går det merka sti inn i Langedalen.
Hund: Det er dessverre ikkje lov å ha hund inne på hytta.
Bestilling: Tungestølen ubetjent - Austerdalshytta | DNT Hyttebestilling
Moldahytta i Svelgen
Ta med heile familien til koselege Moldahytta – ei lita perle som ligg på 382 moh., rett sør for Langeneset i Svelgen. Det finst fleire vegar opp, men den kortaste og mest brukte ruta startar på Langeneset. Herifrå er det berre 1,8 kilometer å gå. Først følgjer du ein grusveg, før stien slyngjer seg vidare gjennom skogen på god og tydeleg trase. Turen er refleksmerkt, så sjølv i mørket er det lett å finne fram. Ta med hovudlykt og la barna lyse seg veg gjennom skogen – det kan kjennast som ei ekte skattejakt på veg mot hytta. Moldahytta er ein perfekt tur for små føter, store smil og gode opplevingar saman.
Tilkomst: Gå frå Langeneset 1,8 km
Sesong: Hytta er ope heile året
Tal soveplassar: 10
Aktivitetar: Det er fine turer fra Moldahytta: Gå på utforsking til Risesætra, Omnen Rikeloftet, Jakthytta Ytrehus eller Gulebrystet.
Hund: Det er lov å ha med hund til Moldahytta. Hunden skal ikkje inn i sjøvle hytta, men kan bo i vindfanget - der er det også et hundebur.
Bestilling: Moldahytta | DNT Hyttebestilling
Massbu i Laukelandsmarka
På Massbu kjem de raskt og enkelt opp i fjellet og kan kjenne på roen i stølslandskapet. Selet er lita og koseleg, med berre fire sengeplassar og ei intim stove som gir ekte hyttestemning og nærleik til naturen. Her handlar det om det enkle livet – stilla, utsikta og gode stunder saman.
Massbu ligg i Laukelandsmarka i Sunnfjord kommune, 370 moh. Tilkomsten er lett og familievenleg: frå Nedre Laukelandsstølen er det berre rundt 1 kilometer å gå. Ein perfekt tur for korte bein og små føter, og ei fin introduksjon til fjellivet for dei yngste.
Tilkomst: Det er enkel tilkomst frå Nedre Laukelandsstølen, ca 1km å gå. Hugs bompengar. Følg skogsbilveg frå Laukeland, vi tilrår å parkere like før brua over Storelva pga. beitedyr.
Sesong: Hytta er ope heile året
Nøkkel: Hytta er ulåst
Tal soveplassar: 4
Aktivitetar: Finn roen med eit spel og god mat. Kring selet er det både skog og berg som gir rom for utforsking og eigenleik.
Hund: Det er ikkje tillat med hund i hytta
Bestilling: Vi tilrår å bestille på forhånd så du sikrar deg plass: Massbu | DNT Hyttebestilling
Hytter ved Fjorden
Sylvarnes i Vik
I Sylvarnes kan du overnatte i det gamle skulehuset som ein gong tente grendene Sylvarnes, Hanekam, Kyrkjeteig og Vollevik. Skulen var i drift heilt fram til 1985, og mykje av den gamle stemninga sit framleis i veggane. Her finst det framleis ingen veg – for å kome hit må du gå frå Ortnevik eller ta rutebåten som legg til ved kaia på Sylvarnes.
Det veglause landskapet er ein del av sjarmen. Her finn du stille strender, gamle gardar som framleis er i bruk, og eit kulturlandskap som fortel om eit liv tett på naturen. For barna er det lett å leve seg inn i korleis det må ha vore å gå på skule så langt frå allfarveg – eit lite eventyr i seg sjølv. Frå hytta har du kort veg til fjorden, og på varme sommardagar er eit morgonbad nesten obligatorisk for dei som likar ei frisk start på dagen. Her kan du bade, fiske og berre nyte roen ved fjorden – ein stad der tida går litt saktare og naturen får spele hovudrolla.
Tilkomst: På sommaren kan du gå til fots på sti frå Ortnevik eller Sylvarnesdalen/Hanekam.
Elles er det tilkomst per båt. Rutebåten Vik-Ortnevik-Nordeide stoppar på Sylvarnes. Ruta går heile året, men ikkje kvar dag i veka.
Sesong: Hytta er ope heile året
Nøkkel: Hytta er ulåst
Tal soveplasser: 9
Aktivitetar: Fiske, bading, fjelldtur. Turen frå Sylvarnes til Volleviki er ein fin liten kveldstur.
Hund: Det er høve å ha med hund. Hunden bør vere ute, i vedahuset eller i gangen under opphaldet.
Bestilling: Sylvarnes | DNT Hyttebestilling
Hytter ved sjøen
Råkeneset i Solund
Råkeneset er ei av DNT sine vestlegaste hytter – ein gamal husmannsplass som ligg på Råke, nord for Hardbakke i Solund kommune. Her ute, heilt i randsona mellom land og hav, finn du eit stille og vakkert kulturlandskap med slåttemark, svaberg og det smale sundet som slyngjer seg inn mot Råke. Huset på Råkeneset er rundt 250 år gammalt, og både bygningane og området rundt er freda av Riksantikvaren. Det gjer staden ekstra verdifull – og krev at vi brukar både hus og natur med varsemd og respekt.
På Råkeneset kjem du tett på kystlivet slik det ein gong var. Her bur du heilt nede ved sjøen, med bølgjene som næraste nabo og eit padleeldorado rett utanfor døra. Dette er ein stad for ro, naturoppleving og eit lite steg tilbake i tid – midt i det vakre øyriket i Solund.
Tilkomst: Råkeneset ligger 20 minutt gange frå fylkesvegen til Strand. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset.
Sesong: Hytta er ope heile året
Nøkkel: DNT-nøkkel
Tal soveplassar: 8
Aktivitetar: Råkeneset er eit padleparadis og er fantastisk å oppleve viss ein har med egne kajakkar. Fjellområda aust for Råkeneset og Råke er blant dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spanande landskap, vakker kyst og Nordsjøen.
Hund: Det er ikkje tillat å ha med hund
Bestilling: Råkeneset | DNT Hyttebestilling
Kråkenes Fyr i Måløy
Når vinterstormane herjar langs kysten, er det ofte Kråkenes fyr som blir nemnt i vêrmeldingane. Her ute møter du naturkreftene på nært hald – vinden som riv i kleda, sjøsprøyten som fyller lufta og den salte smaken av hav som legg seg på leppene. Det er ei oppleving som både tek pusten frå deg og gjer deg audmjuk i møte med havet.
Men Kråkenes er meir enn ruskevær. På stille dagar ligg fyret badande i sol, og du kan stå heilt ute ved kanten og sjå sola synke ned i havet – kveld etter kveld – i sterk kontrast til stormane som herjar berre månader tidlegare.
Tilkomst: Følg skiltet veg til Kråkenes, RV 600. Når riksvegen slutter følg da lokal skilting til fyret. Parkeringsplass ca. 300 meter fra fyret. På dager med snø og vind kan veien bli stengt på kort varsel.
Sesong: Hytta er ope heile året
Nøkkel: Spesialnøkkel i nøkkelboks. For kode kontakt Ytre Nordfjord Turlag
Tal soveplassar: 15
Aktivitetar: Opplev en skikkeleg vinterstorm, dra på fisketur eller nyt ein roleg dag ved sjøen.
Hund: Det er ikkje tillat med hund inne i fyret.
Bestilling: Kråkenes fyr | DNT Hyttebestilling
Kinn i Florø
Vil du oppleve den grøne, værbitne øya Kinn – heilt ytterst mot storhavet ved Florø? Kinn er kjend for den ikoniske middelalderkyrkja, Kinnaspelet og eit landskap som inviterer til både rolege vandringar og luftige utsiktsturar. Her ute finn du også nokre av dei finaste padlemoglegheitene langs kysten, med skjer, bukter og ope hav som skapar ei heilt spesiell naturoppleving.
Hytta på Kinn er ei skikkeleg luksushytte. Her er det dusj og toalett og tørkerom, så her kan du og familien få både komfort og fantastiske naturopplevingar.
Tilkomst: For å komme til Kinn på du ta rutebåten frå Florø. Ruteopplysningar, tider og kva båtar som går finn du på Kringom.no. Frå kaia er det om lag 1 km til hytta på grusa, fin veg.
Nøkkel: Låst med spesialnøkkel. Nærmare info om korleis du kjem deg inn i hytta får du ved bestilling.
Sesong: Hytta er ope heile året
Tal soveplassar: 10
Aktivitetar: Gå på utforsking rundt om øya, her er det rikeleg med turmoglegheitar: Kinn | UT.no
Hund: Du kan ta med deg hunden, men den skal ikkje inn i sjølve hytta. Hunden skal vere i uteboda der det er hundebur og matskål.
Bestilling: Kinn | DNT Hyttebestilling
Merk: Hytta er stengt når Kinnaspelet foregår. Dette er i år 2026 18.-21. juni.
Bli hyttesamlar i Sogn og Fjordane
Har du lyst å besøke enda fleire hytter i Sogn og Fjordane? I denne lista på UT.no har vi samla alle dei 24 overnattingshyttene eigd av våre lokallag. Følg lista og bli ein hyttesamlar du og!
Se også