Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

No skal fleire stiar oppgraderast

Gry Thyrrestrup (35) kjem frå Trørød nær København, og jobbar for at fleire skal få fine turstiar i Sogn og Fjordane. Sjekk om din kommune har fått støtte til nye turstiprosjekt.

Publisert: 27. januar 2026
Skrevet av: Stig Roger Eide
Inspirasjon

Bli litt meir kjent med Gry Thyrrestrup. 35-åringen, som i ein alder av 20 år, la sin elsk på Norge og i dag jobbar som prosjektleiar i DNT Sogn og Fjordane. Dessutan er ho tilsett i turlaga i Luster og Sogndal. Og spesielt i jobben til DNT Sogn og Fjordane har den danske kvinna minst ein finger med i turaktiviteten i Sogn og Fjordane, då ho også er sakshandsamar for «Eg gjekk ein tur på stien-prosjektet». Dette prosjektet forvaltar gjennom ein fireårs-periode 20 millionar kroner til utarbeiding av nye stiar og forbetringar av eksisterande stiar i Sogn og Fjordane.

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane
Eg gjekk ein tur på stien

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.

Les videre

Oppdrag Sognefjorden

-Då eg var 20 år, reiste eg til Alta i Nord-Norge for å gå på folkehøgskule. På slutten av opphaldet mitt der, fekk eg sjå serien «Oppdrag Sognefjorden». Då vart interessa mi for Sogn og Fjordane vekt, fortel ho når vi møter henne i det kommunale oppgåve-felleskapet på Fosshaugane campus. Her deler ho landskap med Sogn friluftsråd, Bre & Fjell, Sogn Næring og mange fleire.

Men ingen tvil om at Gry Thyrrestrup likevel trivst best i naturens landskap.

-Eg kjenner sjølvsagt til nordmenns haldningar til danskar på ski. Eg har prøvd å motbevise dette, og har sidan eg kom til Sogndal for 15 år sidan fata mykje rundt på ski i fjella i Sogndalsdalen og Luster. Eg elskar toppturar, spesielt på ski, og har spesielt også dei siste åra funne glede ved lengre skiturar i høgfjellet, fortel ho med mine til å bli trudd.

Solid bakgrunn

Men før Gry Thyrrestrup vart tilsett i turlagsaktiviteten, kan ho sjå tilbake på dette når det gjeld utdanning og diverse arbeid.

-Eg kom til Sogndal i 2011 for å studere friluftsliv og vart verande her i fem år. Deretter tok eg master i naturbasert friluftsliv på NMBU i Ås, før eg jobba nokre sesongar på Kalhovd Turisthytte på Hardangervidda. Men frå 2020 måtte eg tilbake til Sogndal, og jobba i Stedje barnehage til eg fekk denne jobben i DNT Sogn og Fjordane i 2023. Sidan har det vore arbeid med turlagsfolk. Det passar svært godt opp mot min bakgrunn, og eg likar utruleg godt å spele på dei dyktige turlagsfolka i dei 14 turlaga vi har i Sogn og Fjordane, seier 35-åringen.

Viktige prosjekt

Gjennom DNT-jobben søkte ho som prosjektleiar for «Eg gjekk ein tur på stien-prosjektet» som vart oppretta i september 2024. DNT Sogn og Fjordane er prosjektleiar for dette prosjektet, og skal sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gått inn med 20 millionar kroner til utvikling av turstiar i Sogn og Fjordane. Dette prosjektet varer ut 2027-sesongen.

Haugsvarden i Gloppen Kommune er ein av stiane som har fått midlar frå prosjektet. Her skal dugnadsarbeidarar i gang til sommaren.
Foto frå kurs med Stiskulen i juni 2025, privat.

Til den siste søknadsrunden var det totalt åtte søknadar, og det er tildelt innpå 3 millionar kroner. Dette er oversikta over søkjarar og kva for prosjekt som har fått støtte hausten 2025:

Høyanger Kommune med Høyanger og Balestrand Turlag, Sommerstien i Høyanger 487.000 kr.
Øen Grendalag, Folkestien i Sørbøvåg 100.000 kr.
Hafslo Bygdelag og Luster Turlag, Tursti fra Hestnes til Osen 750.000 kr.
Idrettslaget Frøy tursti til Dosabu 125.500 kr.
Gloppen Kommune med Midtre Nordfjord Turlag, sti til Haugsvarden 500.000 kr.
Fjaler Kommune med Dale IL, tursti til Dalsåsen 300.000 kr.

Sunnfjord Kommune med Bymarkas Venner, tursti til Langeneset, Bekkjavatnet rundt

500.000 kr.      
Kyrkjebø IL og Vadheim IL 235.640 kr.

 

Ny søknadsfrist i haust

Hausten 2026 blir det endå ein moglegheit til å søkje om midlar til turstiprosjekt, og me håpar å få inn fleire gode søknader frå frivillige lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane.

Neste søknadsfrist er 1. oktober 2026. 

Du kan lese meir om prosjektet og korleis søkja her

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem