20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane
Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.
DNT Sogn og Fjordane er tildelt 20 millionar til eit fireårig prosjekt kalla «Eg gjekk ein tur på stien». Desse midlane vert gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Målet med prosjektet er å legge til rette for utvikling av turstiar i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst.
Bredt samarbeid
Det er DNT Sogn og Fjordane som er prosjektleiar for prosjektet.
– Pengane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir oss ein unik moglegheit til å skape noko bra og varig saman! Vi må jobbe saman, på tvers av kommunar, frivilligheit og ulike organisasjonar, seier styreleiar i DNT Sogn og Fjordane, Siv Merete Stadheim.
Ho håper at mange blir med på dugnad, og at prosjektet skapar engasjement blant kommunane i Sogn og Fjordane. Draumen er at alle kommunar i Sogn og Fjordane skal kunne utvikle turruter til glede for lokalbefolkninga.
– Det er eit ønske at prosjektet skal bidra til at alle, uavhengig av alder, bakgrunn, erfaring og funksjonsevne, skal finne turområde i Sogn og Fjordane der ein kan føle seg trygge, vere fysisk aktive og få naturopplevingar.
Både berekraft og tilrettelegging er viktige faktorar i prosjektet og ei prosjektgruppe beståande av fagpersonar skal rettleie i tilrettelegging, grunneigarforhold og berekraftig utvikling av stiar.
I tillegg blir frivilligheita avgjerande for gjennomføring av prosjektet. Lokale prosjektgrupper beståande av kommunane og frivillige lag og organisasjonar skal saman vere med å utvikle turstiane i sine nærmiljø.
– Veldig bra at fleire får tilgang
Det var Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som tok initiativ til prosjektet. Dei er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar overskotet til banken.
– Sogn og Fjordane har ein fantastisk natur, og gjennom dette prosjektet vert det endå fleire som får tilgang til den. Det er veldig bra! Dette er eit godt og nøye gjennomarbeidd prosjekt, og det er veldig kjekt og fortent at vi med pengar frå overskotet vårt bidrar til at det vert ein realitet. Vi håpar at dette kan ha ein utløysande effekt der målet er at prosjektet skapar verdiar for 60 millionar kroner, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Han vert støtta av Yngve Thorsen, leiar gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Å bidra til bulyst i Sogn og Fjordane, og gjere regionen vår så attraktiv som mogleg, det er viktig for oss. «Dagsturhytta» er noko alle i Sogn og Fjordane kjenner til, som vi var med og finansierte, og dette prosjektet er på mange måtar bygd på same prinsippet med at alle kommunar får same moglegheita. Med dei flinke folka i DNT Sogn og Fjordane i spissen har eg stor tru på at «Eg gjekk ein tur på stien» vert ein suksess, seier Thorsen.