Stadnamn i Moadalen
I 2002 var Årdal Turlag med på å kartlegge og skilte stadnamn rundt omkring i Moadalen. Har du vore ute på tur har du kanskje lagt merke til desse skilta. Her finn du ei oversikt over stadnamn i Moadalen og kva ein trur ligg bak namnet.
SAGI
Sagi er no på sjølve Moabakken og vart nytta til skjering av tømmer som vart hogge i Moagaldane. Tidlegare var Sagi nede ved Tya og vart driven med vasskraft.
KLEIVI
Namet Kleivi vart nytta på mange stader, helst i saman med andre namn, men her var det ei bratt kleiv opp frå Moa. I tidlegare tider var det her eit tømmerslepp.
TYSKE LUFTSKYTS
Det vart under krigen plassert tre luftvernstillingar på Moa. Den fyrste på utste Moabakken, til høgre for der vegen kjem opp i dag, den andre oppe på Åsane, og den tredje oppe på Kleivi.
TJØRNSVOI "Tjodnsvåi"
Heile området oppover Kleivi var slette sva, heilt opp til Tjørni. Namnet vart difor "Tjodnsvåi".
TJØRNI "Tjodni"
Ei lita vass-samling der det flatar seg ut frå Kleivi og vidare opp/ned Moadalen.
NEDRE STEINDOKKI
"Dokk" er eit utflatande område i terrenget. Nedre Steindokki er det nedste slike området som soknar til Steindokkbergi.
VEGNASKILJET
Vegnaskilet strekker seg over eit langt område, fyrste skiljet ved vegen som kjem frå Svalheim, og deretter skiljet mellom øvre og nedre vegen opp Moagaldane. Dei møtest att ved Nedre Hjellen.
ØVRE STEINDOKKI
Øvre Steindokki er eit enno meir markert område som ligg heilt opp der steinspranget frå Steindokkbergi har stansa opp, og går heilt inntil Brattekleivane.
HANSEN
Hansen er eit nyare namn. Ein kollega av Gunnar Hansen, Magnussen, svigerfar til Randi Magnussen, laga ei teikning av Hansen (raud svak skrift) på ein stein i Øvre Steindokki fyrst i 30-åra. Etter dette vart steinen kalla Hansen.
BRATTEKLEIVANE
Dette er kleivane som startar i Øvre Steindokki og opp mot Nedre Hjellen.
NEDRE HJELLEN "Nedre Hjedl"
Nedre "Hjedl" er ei flate der vegen opp Åsegaldane og vegen vidare opp Moadalen delar seg.
ÅSEGALDANE
Dette er dei bratte galdane frå Nedre Hjellen og opp til Seildi. Ein bratt og tung stølsveg til Åsen.
MØLSESVADOKKI
På vegen opp Åsegaldane. Mølsesvadokki er ei utflatning på vegen etter eit bratt sva. Nament er truleg komen etter at nokon har slege ned eit mølsespann.
SEILDI
Ei seild i terrenget ut mot Fulgeåsberget gjev det naturlege namnet Seildi.
ÅSEN "Aosen"
Åsen er støk til Svalheim og ligg i merket mellom Moa og Svalheim. Stølen har og vore nytta av Moagardane, truleg i samband med Engesete.
DAVELØA
Fremst på Nedre Hjellen tek ein av til høgre og eit par hundre meter lenger fram var det eit slåttegjerde. Frå 1854 då fyrste Daveplassen vart teken av Sitla, vart denne teigen nytta i Moagaldane medan dei dyrka opp att ny Daveplass. Siste brukar, Hans Davidson, bror til guvernøren som reiste til Amerika i 1881.
LANGEGALDEN
Langegaldane startar med ei kleiv nokre hundre meter frå Nedre Hjellen og den går om lag til ein stein med eit utbygd tak, som vart kalla Tobaksholet.
NEDRELØHAGEN
Slåtte- og lauvteig og godt hamenområde for storfe. Når ein leita etter kyrne kunne ein vera viss på å finna dei i Nedreløhagen.
TOBAKSHOLET
Er og eit nyare namn, fordi Ola Johannesen Øren nytta denne plassen til å gøyma tobakk medan han hogde ved.
NEDRELØA
Nedreløa låg midt mellom Langegalden og Buene i eit godt slåtteområde som vart kalla "Nedreløhagen".
GOVFOSS
Govfoss har sitt naturlege namn, for når Tya hadde naturleg vassføring, stod govet frå denne fossen høgt til værs. (Tomas Hæreid har laga ein song om denne fossen).
BUENE "Buedn"
Årdølene sa alltid "Bui", og har vore nytta til vårstøl. Seinare var det ei løe i nærleiken slik at einkvan trudde det var fleire buer. Derav namnet "Buedn". Buene vart og nytta ved tømmerhogst.
KJØTHOLESKREA "Kjåtholskrea!
Kjøtholskrea gjekk over vegen eit stykke forbi Buene, og ein slane i terrenget litt opp frå vegen vart kalla "Kjåtholdokki". Truleg kjem namnet av at det var vanleg at dei fann rein der når dei var på jakt, sikkert kjøthol.
GUFALL "Gufadl"
"Gufadl" vart det kalla i dagletale, men nokre meiner det skal vera "Bufadl", eit fall like forbi Buene. Forklaringa er truleg "Gufadl" fordi det var "augart".
VINKJELDA
Vinkjelda er ei oppkome ved vegkanten mellom Gufall og Skansekleivi. Vatnet her var serleg friskt og godt.
SKANSEKLEIVI
Dette er ei bratt kleiv opp mot Skansen. Den vart og kalla Skansekleivane.
SKANSEN
Frå flatt terreng ved Holsbru kjem ein forbi Øyestølen til ein knubb der det startar med kleivar og brattlende ned mot Moagaldane til Øvre Årdal. Det har vore sagt at ein del av dei som var med i Leirdalske Kompani under svenskekrigen stansa opp på Skansen og løyse nokre skot for å fortelja at her kjem me.
ØYESTØLEN
Øyestølen var støk for Moa og Øyni, og namet kjem truleg av at det var ein gammal støl.
KVANNETJØRNI "Kvannetjodni"
"Kvannetjodni" er fjellstølen til Moa og Øyni. Name kjem av at det vaks kvanne i skårane kring stølen, og at det låg eit lite vatn "tjodn" i dalsøkket der.
ENGESETE
Engesete ligg i fjellsida opp frå Øyestølen, og er ein gammal støl som vart nytta før Kvannetjørni kom i bruk.
ÅSENOSI "Aosenosi"
Åsenosi ligg på vegen Engesete og stølen Åsen. Her er det flott utsyn ned mot Øvre Årdal og mot fjell og tindar kring bygdi vår.
SVALHEIMSVEGEN (Lykkja - Nedre Steindokki)
Dette er vegen frå Svalheimn mot stølen Åsen, og kom saman med vegen opp Moagaldane ved Vegnaskilet.
ÅSANE "Aosadn"
Åsane er overgangen mellom Moa og Svalheim.
KVILESTEINDALEN
Her er det ein kvilestein på vegen som gjekk over Åsane og til Svalheim. Frå Kvilesteinen gjekk det eit markert dalføre innover mot Øvre Steindokki.
OREHOLA "Aorehola"
Ei holde der det voks mykje or. Hola ligg omlag midt mellom Moa Gard og huset til Per Bakkane, vest for Svalheimsvegen.
TØMMERVEGEN VEGNASKILJE-NEDRE HJELLEN
Tømmervegen går frå Vegnaskilet til Nedre Hjellen, og vart i daglegtalen kalla "nedre vegen". Den hadde mindre kleivar enn øvre vegen, og var såleis lettare til tømmerkøyring. Frå denne vegen, mellom Bremborg og Dammen: Trendla, går det ein stikkveg ned til vassmålingsdam i Tya. Tyinfaldene tok vassmålingar to gonger i månaden.
BREMBORG "Brennborg"
Sigurd Midtun uttalar namnet for "Brennborg". Det var ein skogskrull frå Vegnaskilet og ned mot Tya. Kanskje har det samanheng med Bremborg ved Eldegarden.
TRENDLA
Trendla er ein slåtte- og lauvteig på sørsida av Tya aust for dei styggaste bergi i "Jåteli" , midtlies mellom der riksveg 53 går i dag og Tya. Det var bru over elvi, og det var løypestreng over til der tømmervegen gjekk i Moagaldane.
TRENDLEDAMMEN
Dette er ein stor høl i Tya, like forbi Trendelbrui. Mulig den har vore nytta til oppsamling av tømmer ved hogst oppover dalen.