Stadnamn i Blåberg
I 2004 var Årdal Turlag med og kartla og skilta stadnamn rundtomkring i bygda. Har du vore på tur til Skarpenor eller Blåberggruvenr har du kanskje lagt merke til nokre av desse skilta. Her kan du sjå kva stadnamna i Blåberg betyr.
KVENNHUSBAKKANE "Kvednahusbakkadn"
Frå gamalt av oppstod namnet av at det var eit kvernhus som stod oppført nede ved Øvstunshølen som det vart male korn i.
KLEIVI BRU
Det fyrste me passerer etter at me tek av frå Fardalsvegen er brua over elva Fardøla. Brua vart sett opp under krigen (1940-45) for å letta tilkomsten til Blåberggruvene (Kopargruvene).
VEGASKILET FRÅ BØRTNES
Frå gamalt av, før brua vart sett opp, gjekk stien nede frå Ekra i Børtnes og opp til Blåberg. Stien er urydda då den går gjennom privat eigedom.
EKRA
Ei ekra med slåtteteig. Sjølve ekra er nede ved elva Fardøla.
HÅVARDSLØA "Haovarsløa"
Her vart gras som vart slege med stuttorv oppevara. Det var Håvardsgarden som eigde området og slo gras her.
ØVSTTUNHAUGEN
Høgaste haugen til høgre for brua og stien kallast Øvsttunshaugen. Stien fører opp til toppen av haguen. I dag er det montert ein telelink her.
LØYPESTRENG I
Frå gamalt av, når stengen kom i bruk, vart det her slept ned ved. Denne strengen kom ned aust for brua i Børtnes. Sleppet var frå den store steinen under stien. Går ein ned og klyv opp på steinen, vil ein sjå to borehol.
ÅDNEHAMMAREN
Ein berghammar som ligg omlag 300 m midt over husa i Børtnes. Berghammaren ser ein best nede frå blokkene i Øvstun.
GLENNA
Namnet står forklart som dyrka mark i stadnamnboka. Uforståeleg at her oppe i urane kunne vere dyrka mark, men Arnold Øren hugsa godt at Hjalmar Hestetun (Hjalmar i garden) slo med langorv her.
BRATTEBAKKEN
Ein bratt bakke står forklaringa i stadnamnboka. Den som går i rask gange opp her, kan nok vera samd i denne forklaringa!
MIDTUNSDOKKI
Følger ein eit gammalt stitrakk utover vil ein komma til eit sva med flott utsyn over Øvre Årdal og litt av Årdalstangen. Plassen var ei dokk, derav namnet "Midtunsdokki".
LØYPESTRENG II - ØYRADOKKI
Frå gamalt av, etter strengen kom i bruk, vart strengen nytta til å sleppa ned ved etter vedhogst og når dei lauva. Stien fører og fram i Øyradokki.
LØYPESTRENG III
Går ein eit stykke nedanfor der postkassen står i dag, vil ein på eit bratt sva sjå der skleppet starta og gjekk til Årdalsvatnet. Ein vil sjå ein rusta krok med streng i ligg der den dag i dag. Midtunsgarden var eigar av strengen.
MINESVA
Ein nytta borehol for å skyta vekk fjell der tilkomsten var vanskeleg. I dette svaet kan ein den dag i dag sjå borehola i svaet.
SKARPENOR
Bratte skorar. Sjølve Skarpenor er terrenget under Blåberg og lenger opp og ut mot Nundalen, enn der postkassen står i dag. Stien gjer ein skarp sving her.
BLÅBERG "Blaoberg"
Frå Sigurd Dahl Midtun si stadnamnbok les me på side 209: "I dokumnetet etter Årdal Koparverk frå fyrste tiåri etter 1700 vert namnet Blåberg stundom skrive Blaaberg, stundom Blaaberget".
GRUVENE "Gruvedn"
Frå Sigurd Dahl Midtuns si stadnamnbok les me på s. 143: "I fyrste tiåri etter 1700 vart det drive kopargruver fleire stader i bygdi. Men dei lønte seg lite og vart snart heilt nedlagde".