Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Stadnamn ved Asperheim

I 2004 var Årdal Turlag med på å samle og skilte stadnamn rundt Asperheim i Seimsdalen. Har du gått tur på Asperheimsida har du kanskje lagt merke til desse skilta? Her har du ei oversikt over kva namna kjem frå.

Publisert: 23. april 2024
Artikkel

FJØSHAUGEN

Det fyrste me passerer etter Årebru, er Fjøshaugen. Namnet kjem av at det var ein mjølke- og samleplass for beisti.

ÅREBRUGÅTENE "Aorebrugåtedn"

Årebrugåtene er ein del av den gamle køyrevegen på Asperheimsida i Seimsdalen, og strekker seg frå Fjøshaugen og opp til Storeholsskreda.

STOREGÅTENE

Eit felles namn for gamlevegen frå Årebru til Volebrekka.

STOREHOLSKREDA "Storehålskrea"

Skreda har sitt utspring i Storehola, og har gjennom tidene gjort stor skade på både utmark og innmark på Årebru.

SMØRDALEN "Smårdalen"

Liten skogadal.

SMØRDALSGJERDE "Smårdalsgjære"

Eit dyrka flatt slåttegjerde

RESI

Ordet kjem av terrengforma der vegen passerer. Staden er eit utspring i terrenget og har godt utsyn.

NESTETEIGEN

Dette er den nederste (sett mot sjøen) utmarksteigen til Gjelsengane.

HØNSEHUSET

Her stod eit hønsehus som høyrde til Gjelsengane. Plasseringa her har sin forklaring i at brukaren ikkje likte at hønene sparka og grov i nysådnaden.Hønene vart såleis gjerda inne her i utmarka. 

JERVESKREDA "Jerveskrea"

Skrede som alltid legg att skredjervar i flaumver. Skredløpet endrar seg frå tid til anna.

"SVARTOREN "Svartaoren"

Det har alltid vokse ein svaror her, og veksttilhøva er særs gode då den veks like ved ei oppkome.

STORETEIGEN

Eit større skog- og beiteområde som høyrer til Gjelsengane. 

HUNDEBITET "Hundebete"

Ordet er nytta fleire stader, og kjem eksempelvis av makebyte av teigar der ein teig kunne vere særs liten i høve til andre. Såleis uttrykket hundebitet, - stort som eit hundebit. Hundebitet har også ei forklaring om at jorstykket ein gong var tillagt garden som bot for at bonden hadde vorte biten av ein hund. 

SYNETUFTENE "Synetuftedn"

Her var det ein plass under Asperheim som vart kalla Synet. Namnet kjem av terrengformasjonen som stikk kvast ut og gjev eit godt utsyn over dalen og fjorden.

KJERRINGDALEN

Truleg kvinner som hadde slåttearbeidet her. Det meste var stuttorvslette, og det var kjerringarbeid.

VOLEBREKKA "Vålebrekka"

Staden er ei utprega høgde, gml. norsk "VOLR" eit høgdedrag, reine i terrenget. Oppå er det flatt, og med dyrka mark og åker.

VOLEBREKKGÅTA

Den brattaste delen av vegen opp forbi Volebrekka.

VOLEBREKKSTEINEN

Ein utprega stor stein i kanten av Volebrekkåkeren, og like i vegkanten. Under eit jordskjelv på 50-talet velta steinen seg over til eine sida og la seg over ein del reiskap som var lagra under den.

KVILESTEIN

Ein høvelkeg stein å setta seg på med ei bør, og få seg ein kvil etter å ha kome opp Volebrekkgåta.

BREKKENE "Brekkedn"

Eit vidare område med mange mindre brekker til utmarksslått og beite.

MIDTHELLEREN "Mithedleren"

Stor steinhelle like i vegkanten, midt på Brekkene.

KYREDALSHELLEREN "Kjyredalshelleren"

Stor steinheller like i vegkanten, øvst i Kyredalen. Eit sagn knytt til denne helleren er at ei jente vart kitla i hel her. 

KLEVAGRØTSKREDA "Klevagrøtskrea"

Skreda går i flaum og styggever. Den har ikkje utprega skredfar over vegen, og kan endra skredløpet frå gong til gong. 

VETLEHAGEN

Gamalt inngjerda beiteområde, i dag tilvakse med skog. Området nærast vegen syner at det her har vore steinrødd og dyrka.

KYREDALSSKREDA "Kjyredalsskrea"

Skreda kjem frå Kyredalsjuvet og endar ned i Kyredalen og på elva. Skreda går alltid i flaum og styggeversdagar, og er trugande for skade på innmarka.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem