Nissedal seier likevel nei til vindindustri
Stor lokal mobilisering mot planar om nedbygging av Nissedals unike natur med enorme industrifelt med opptil 220 meter høge vindturbinar har ført fram.
Skrevet av: Ole Jakob Bråten

Det er nå blitt fleirtal i kommunestyret for å sei nei til dette i denne valperioden.
Fleire blei nok overraska over den raske og massive motstanden blant både Nissedølar og hyttefolk. På kort tid fekk dei organisert seg og spreidd mykje bra kunnskap om dei store og irreversible naturinngrepa som dette ville medført.
Mange ville fått lågare livskvalitet, nattestillheita ville forsvunne og skiløyper ville blitt stengt. Eigedomsprisane ville falle markert, slik det er godt dokumentert i mange kilometer rundt store vindindustrianlegg.
Ny kamp for Nissedals natur i 2027
Hausten 2027 er det på nytt kommuneval. Då er det viktig å vere godt organisert og spreie kunnskap om naturens verdi og skadeverknadane med vindindustri, og å få dette inn i partiprogramma.
Etterpå gjeld å stemme inn folk i kommunestyret som seier klart nei til store vindturbinar i Nissedals unike natur.
Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.
Se også

