Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Storskala vindindustri kan nå truge viktige natur- og friluftsområde i Nissedal

Selskapa Skagerak og Res-group har meldt interesse for store område nord på Kyrkjebygdheia og heilt sørover mot Gautefallheia. Dersom dette skulle bli realisert vil tusenvis av mål med relativt urørt natur bli omgjort til industrifelt.

Publisert: 04. mars 2025
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Geitfjellet vindkraftanlegg Foto:

Nissedal kommunestyre:

Med eit knapt fleirtal på 9 mot 8 stemmer har kommunestyret i Nissedal nå gjort dette vedtaket: 

«Nissedal kommunestyre er interessert i kunnskap kring aktuelle vindmølleprosjekt i kommunen, i form av ei melding frå utbyggerar, som syner det realistiske biletet av ei vindmølleetablering i kommunen.»

Enorme naturbeslag

Vindturbinar i Norge er i dag opptil 220 meter høge. Slike vindturbinar må stå spreidd utover store område for å unngå vindskugge og is-kast frå andre vindturbinar. 

For at dei store rotorblada (opptil 80 meter i ei lengde) skal kunne fraktast ut med lange trailerar, vil det bli nødvendig å bygge mange mil med svært breie vegar og slake svingar. Kvar vindturbin må stå på ei flate som er stor som ein fotballbane for å gi plass nok til montering og drift. Slike kolossale terrenginngrep er spesielt omfattande i kupert terreng der det må sprengast djupt, og landskapet blir endra for all framtid. 

Oslo Plaza er med sine 110 meter den høgaste bygningen i Oslo. Kvar enkelt vindturbin kan bli nesten dobbelt så høg og vil bli synleg med blinkande lys frå mange stader i Telemark, Vestfold og Agder.

Drift av vindturbinar medfører også betydeleg støy, forureining og mange fuglar blir slått ned og dør. På grunn av fare for is-kast er det her i landet ein sikkerheitssone på opptil 400 meter rundt kvar vindturbin. Der kan vi ikkje ha skiløyper. 

Fall i eigedomsverdi

Erfaringstal viser eit betydeleg fall i eigedomsverdi i nærleiken av større vindkraftanlegg. Norges vassdrags- og energiverk (NVE) skriv at internasjonale studiar viser at eigedomsprisar kan påverkast inntil 9 kilometer frå ein vindturbin.

Nabokommunane Drangedal og Åmli sa begge i 2024 eit klart nei til vindkraft

Drangedal kommunestyre: 12 mot 8 stemmer for eit nei til vidare utreiing av vindkraft i kommunen. (Ap, Høgre, Venstre og Frp stemte nei til vindkraft).

Åmli kommunestyre: 10 mot 6 stemmer for eit nei til vindkraft i kommunen. (Ap, Rødt og 2 frå Sp stemte nei til vindkraft).

Heldigvis oppdagar stadig fleire det store naturtapet som vi her kan risikere, og seier derfor eit klart nei til slike planar! Utbygging av landbasert vindkraft er nå nesten stoppa opp her i landet. Dersom vi skal klare å ta vare på naturen for framtidas generasjonar må vi sei klart i frå nå. 

Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.

Kart over områda som nå kan vere aktuelle til vindindustri

Befaring på Fosen. Foto Oddvin Lund.

IRREVERSIBELT. Sårene i landskapet er permanente. Egersund vindkraftanlegg. Foto Anne Katrine Lycke.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem