Gjerstadskogane
Gjerstadskogane - statskogen i Gjerstad og Nissedal, er ein av svært få store statskogar i vår del av landet. Her er det natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar og dette er ein viktig del av vårt felleseige. Vår statskog er eit av landsdelens viktigaste friluftslivsområdar. Statskog har som eit av sine hovedmål å leggje til rette for jakt, fiske og friluftsliv for alle. Bilvegane står opne for dei som vil ut på tur (veiavgift).
Naturreservat i Gjerstadskogane
Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat - totalt 44 868 mål, (av dette eig Statskog 35 593 mål og 9 275 mål er privat eigd).
Navassfjell naturreservat - 4 806 mål eigd av Statskog, (av dette eig Statskog 2 800 mål og 2 006 mål er privat eigd).
Fossbufjellet naturreservat - 3 751 mål eigd av Statskog.
Bjørnstadfjellet 1 539 mål eigd av Statskog.
Materialen naturreservat - 265 mål eigd av Statskog.
Fjosbumyra naturreservat - 130 mål eig av Statskog.
Gjerstadskogane har mykje natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar.
Mange fiskevatn
Gjerstad Jeger- og Fiskerforening, Risør JFF Tryta og Felle Fiskelag har gjennom mange år lagt ned mykje arbeid for å få fisken til å trivast i dei mange vatna.
Mykje dugnad
Svært mange menneske frå lokale organisasjonar har i generasjonar brukt fritida si til dugnadsarbeid for friluftslivet i Gjerstadskogane. Dette området må bli ein del av fellesskapet også for dei neste generasjonane.
82 km med turløyper
Innanfor grensa til Statskogen vår er det heile 69,5 km med merka barmarksløype og 12,5 km med skiløype. Kvar løype blir haldt ved like av organsisjonar eller personar som gjer dette etter inngått avtale med Statskog.
Barmarksløyper:
Sandtjønn - Gautefallheia, 11 km, T-merka, Havrefjell Turlag.
Løypenett Solhomfjell - Risfjell, 26 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Fellsstigen - Branntårnet, 1 km, varda utan fargemåling, Havrefjell Turlag.
Løypenett Havrefjell Løytesdalsfjellet, 8 km, blåmerka, Sandtjønnlia Vel.
Løype til Moskam, 1 km, blåmerka, Felle IL.
Løype til barlinda under Napane, 0,5 km, blåmerka, Statskog SF.
Krigsminnestien, 3 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Marksettjenna-Markset- Krigsminnestien, 2 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Markset-Oterstjenn og Oterstjenn-Solem skytebane, 3 km, blåmerka, Gjerstad JFF.
Drivheia, 3 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Holmen Gård løyper, 3 km, blåmerka, Holmen Gård.
Morkheia, 3 km, blåmerka, Henning Aasbø.
Løype til jordhytta i Øygardslia, 0,5 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Bispevegen, 2,5 km, blåmerka, Havrefjell Turlag.
Vegårshei - Vedlausfjell, 2 km, blåmerka, Tvedestrand og Vegårshei Turlag.
Skiløyper:
Drivheia, 2,5 km, skiløype, Gjerstad IL.
Sandtjønnområdet - Løitesdalen, 10 km, skiløype, Felle IL.
Havrefjell Turlags løypeavtale med Statskog.PDF
Dei siste 10 åra har det i gjennomsnitt blitt registrert 5 300 besøk kvart år på dei 6 toppane i løypenettet der Gjerstad IL og Havrefjell Turlag har turbok. Dette er likevel bare ein del av alle dei tusen som brukar Gjerstadskogane til mosjon og naturglede året rundt.
Turbok
Av badeplassar, vakre småtjern, opne lettgåtte svafjell, utkikkspunkt, gamle stiar, kulturminne og natur av same kvalitet som i våre nasjonalparkar, har vi så mykje at vi kunne ha skrive bok. Det har vi også gjort. Boka er trykt i eit opplag på 3000.
Boka seljast nå for kr. 100. Telefon 41338602.
Statskogen Gjerstadskogane er på heile 135 553 mål og ligg saman med Brødsjø Statskog i Drangedal på 31 266 mål.
Gjerstadskogane består av heile 45 554 dekar i Nissedal og 89 999 dekar i Gjerstad. Det er også vanleg å ta med Statskog Brødsjø i Drangedal med 31 266 dekar som ligg like inntil.
Gjerstadskogane må ikkje privatiserast
Det er svært viktig at Gjerstadskogane og Statskog Brødsjø ikkje blir seld, men får bli ein del av vårt felleseige også for kommande generasjonar.