Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Nissedal seier likevel nei til vindindustri

Stor lokal mobilisering mot planar om nedbygging av Nissedals unike natur med enorme industrifelt med opptil 220 meter høge vindturbinar har ført fram.

Published: March 20, 2025
Written by: Ole Jakob Bråten
News
Fri utsikt utan vindturbinar frå Langfjell i Nissedal Photo: Ole Jakob Bråten

Det er nå blitt fleirtal i kommunestyret for å sei nei til dette i denne valperioden. 

Fleire blei nok overraska over den raske og massive motstanden blant både Nissedølar og hyttefolk. På kort tid fekk dei organisert seg og spreidd mykje bra kunnskap om dei store og irreversible naturinngrepa som dette ville medført. 

Mange ville fått lågare livskvalitet, nattestillheita ville forsvunne og skiløyper ville blitt stengt. Eigedomsprisane ville falle markert, slik det er godt dokumentert i mange kilometer rundt store vindindustrianlegg.

Ny kamp for Nissedals natur i 2027

Hausten 2027 er det på nytt kommuneval. Då er det viktig å vere godt organisert og spreie kunnskap om naturens verdi og skadeverknadane med vindindustri, og å få dette inn i partiprogramma.

Etterpå gjeld å stemme inn folk i kommunestyret som seier klart nei til store vindturbinar i Nissedals unike natur.

Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.

Les meir her på NRK.

Facebookgruppa "Nei til vindkraft i Nissedal"

Storskala vindindustri kan nå truge viktige natur- og friluftsområde i Nissedal. Skrevet av Havrefjell Turlag 4. mars 2025.

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member