Logo
Til DNT.no forside

Kom Deg Ut- dagen laurdag 4 februar 2023

Laurdag 4. februar inviterte Ulvik Turlag/Borna sitt Turlag til Kom Deg Ut-dag på Drevtjørn Ski- og Tursenter.

Publisert: 14. oktober 2023
Skrevet av: Hilde Underdal
DNTs tilbud

Kom Deg Ut-dagen

Kom Deg Ut-dagen er DNT sitt store tur-arrangement. Det blir arrangert to gonger i året, fyste sundagen i februar, og fyste sundagen i september. Ulvik Turlag fekk i år med seg Gløgg 4H på arrangementet på Drevtjørn Ski- og Tursenter. 

Me la KDU til laurdag 4. februar i år, då det passa best for begge laga, og det syntes seg å vera lurt vèr messig og. Vèret var overskya, rundt 2 minus, og ski forholda var perfekte.

Turlaget stilte med saft og bålkaffi, me grilla pylser sponsa av Gilde, det var utdeling av rosiner, og både små og store kunne delta i kvissen som var hengt opp. Gløgg 4H steikte lappar på bål, og ingenting smakar vel bedre enn nysteiktelappar, rett frå bålpanna? Det gjekk vertfall unna både på pylser og lappar.

4H laga og til 3 på rad i snøen, med furu- og grankongler, og ellers var det mykje aking og leik i snøen blandt dei 50 som deltok på KDU dagen. Turbo, bornas turlag sin maskot tok og turen til Drevtjørn. Turbo var med å aka, både på eige hand og saman med fleire av borna, tilslutt var han så trøtt at han måtte ta til på heimvegen. Avslutningsvis føretok me trekning av premiane blandt dei som deltok på kvissen, her kunne ein vinna ein Turbobamse, Turbo-kopp, Turbo-kortstokk eller tennstål.

Tusen takk til alle som kom, takk til Gløgg 4H som blei med oss, og ein takk til Ulvik Idrottslag v.leiar som lot oss låna snøscoteren til å frakta utstyret vårt.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget