Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Turpostar i Ulvik 2023

Treng du ein god grunn for å komma deg ut på tur? Ulvik Turlag kan gje deg tre gode grunnar

Publisert: 14. oktober 2023
Skrevet av: Hilde Underdal
Inspirasjon

Tre gode grunnar 

Treng du motivasjon for å komma deg ut på tur?

Ulvik Turlag gjr deg desse tre gode grunnar for å komma seg ut på tur.

Stølstrim:

Kjøp klyppekort hjå Coop Prix eller hjå turistinformasjonen/Handelslaget. Kortet kostar 100,- og har 20 turmål rundt om Ulvik. Dei fleste turmåla er stølar, i mangen område ligg det fleire turmål som kan takast i samme tur. Deltakarpremie til alle som går 16 stølar (kun 6 for born opp til 12 år) 

Stølstrimmen blir avslutta 31.oktober

Stolpejakt:

Ulvik Turlag har i år sett ut 42 stolpar rundt om i Ulvik, 20 grønestolpar som er lokalisert slik at alle skal kunne nå dei, 15 blå som dei alle fleste kan nå, 6 raude og 1 svart, som står ute i terrenget. Stolpejakt passar for alle aldrar, og er ein fin familieaktivitet. Last ned appen Stolpejakt, og kom igang.

Stolpane kan registrerast fram til midnatt 31.10

Bornas natursti/bokstavjakt:

Bornas natursti er eit samarbeid med Haugesenteret, som blei starta under koronaen for å gje eit aktivitetstilbod for bornefamiliar når fellesturar ikkje var mogeleg. 

I årets utgåve er det sju turpostar ein skal besøka, alle postar ligg på/ved ulike turmål rundt om i Ulvik og Osa. På kvar post er det ein bokstav du skal skriva på turkortet, og i tillegg finn ein ein aktivitet, turtips eller andre ting. Turkorta hentar ein antan hjå Haugesenteret, turistinformasjonen, Brakanes hotel eller Strand hotell. Finn du løysningsordet leverar du kortet inn på Haugesenteret og får ein premie. 

Bokstavjakta heng ute til slutten av haustferien (veke 41)

Last og gjerne ned KulTur appen til DNT, den kan gje deg tips om aktivitetar å gjera når ein er på tur. 

God tur!

Opphavleg publisert 11.7.23

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget