Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Turpost aktivitetar i Ulvik

Ulvik Turlag har fleire turpost aktivitetar i bygda, som passar alle aldrar. Stølstrimmen med 20 postar, Stolpejakt med 2 kart, og bornas natursti med Haugesenteret

Publisert: 20. juli 2024
Skrevet av: Hilde Underdal
DNTs tilbud

Om du ikkje veit kva du skal ta deg til ein solskinnsdag eller ein regnvèrsdag kan du jo prøva ein eller fleire av desse aktivitetane.

Stølstrimmen:

20 postar rundt om i Ulvik, dei fleste er stølar naturlig nok, men og dagsturhytta er og finne. Klyppekort kjøper ein antan på Coop eller hjå turistinformasjonen. Born 0 - 12 år må gå minimum 6 stølar for premie, mens vaksne må gå 16 stølar. Meir info finn ein på SjekkUt-lista Stølstrimmen 2024 på ut.no Stølstrimmen blir avslutta 31. oktober.

Stolpejakt:

Turlaget står for stolpejakta i Ulvik, med heradet som støttespelar. I år har me to kart, eit i Ulvik og eit i Osa, tilsammen er det 45 stolpar. Om ein ikkje har nytta stolpejakta før lastar ein ned appen Stolpejakten, lagar ein profil og startar jakta. Sjekk appen for tidsrommet stolpane står ute, då det er ulikt for dei to karta.

Natursti for born:

I samarbeid med Haugesenteret har me laga natursti me 8 postar i Ulvik og Osa. På kvar post skal ein finna eit løysningsord, som ein sett inn på turkortet. Turkort hentar ein på Haugesenteret, turistinformasjonen eller hjå nokre  overnattingsstader. Dei vaksne må gjerne bruka SjekkUt-lista Bornas natursti 2024 - Ulvik mens borna fyller ut turkorta. Ferdig utfylt kort leverer ein på Haugesenteret og får diplom og premie. Postane heng ute til 20 oktober.

God tur!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget