Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Stølstrimmen 2023

Den fyste Stølstrimmen blei sett opp i 2013, 12 stølar rundt om i Ulvik var med dei fyste åra, sidan har stølane blitt fleire. Tanken bak stølstrimmen var å gjera fleire merksame på dei flotte turane me har rundt oss i Ulvik, samstundes auka kunnskapen om stølslivet. I samarbeid med Ulvik sogelag og Haugesenteret, sette turlaget ut turbok- postkassar med informasjon frå sogelaget om stølane og eit dikt eller ein tekst frå Haugesenteret. Dette blei raskt eit populært tilbod bland bygdafolk og andre med tilknytning til bygde.

Publisert: 10. oktober 2023
Skrevet av: Hilde Underdal
DNTs tilbud

Stølstrimmen 

I år blir det 19 stølar og ei dagsturhytte på klyppekortet.

Klyppekorta kan kjøpas hjå Coop Prix Ulvik, Tenestetorget og Handelslaget (turistinformasjonen). Korta kjem for sal i løpet av mai.

For å oppnå deltakarpremie må ein ha minimum 16 klypp. Born mellom 0-12 år må minimum ha 6 klypp. 

Alle som oppnår 16 klypp (6 klypp for born) eller fleire får deltakarpremie. Dei som klarar alle 20 klyppa er med i hovudpremie-trekninga av eit (1) gåvekort på 5000,- frå VossEkta

Har ein kjøpt kort, men ikkje fått minimums klyppa, bør ein likevel levera inn korta sine. Kort med 0-15 klypp er då med i ein eigen lodd- trekning på gåvekort frå lokale verksemder (3 stk.)

Innleveringsfrist: 31. oktober 2023

Trekning av premiane vil bli gjort på årsmøtet til turlaget, seinast i februar 2024. Utdeling av deltakarpremiar vil og skje då. 

Oversikt over alle stølar finn ein her.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget