Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Allmenningsvegen 10 september 2023

10 september var det historisk vandring mellom Granvin og Ulvik. Turlaga og kyrkjesokna i desse to bygdene skipa til denne turen. Neste år går turen motsett veg.

Publisert: 10. oktober 2023
Skrevet av: Hilde Underdal
Inspirasjon

Den 10. september var det Historisk vandring langs Allmenningsvegen mellom Granvin og Ulvik.
Omlag 30 stk. i alder 8 - 88 år gjekk frå Strindeskleiv til Ulvik kyrkje.

I tåke og regn vandra me mot Vatnasete med Olav Haukse som historieforteljar, me stoppa ved Kidnehaugen, Litlastøl, Soppesteinen, Prestjuklane og på kva plass fekk me ei historie til staden. Vidare vandra me opp Bekkjadalen, og tok ei matrast på grensa mellom Granvin og Ulvik.

Prest Bengt Staffan Arvidsson leia ei lita andakt og allsong før Torbjørn Dyrvik tok over staffetpinnen og fortalte oss om ferdafolket som gjekk over Angerskleiv. Prestane som budde i Ulvik hadde denne vegen som pendlarveg når dei skulle halde gudsteneste i Granvin. Turen er omlag 15 km, med ei stigning frå kyrkja i Ulvik opp til over 580m.o.h før ein får nedstigninga til kyrkja i Granvin som ligg på omlag 27m.o.h, og sjølvsagt var det samme vegen tilbake. Heldigvis nytta ein nok mykje hest. Men det har ikkje vore berre prestar og biskopar som har tatt turen over fjellet, Torbjørn kunne fortelja at både Henrik Ibsen og Henrik Wergeland skal ha tatt turen i si tid, og sjølvaste Gjest Bårdsen skal og ha gått over her.

Neste stopp var Furesete og Tellstegen før siste etappen gjekk ned til kyrkja der varm betasuppe og kaffi venta. Heile denne flotte turen blei avslutta med gudsteneste i Ulvik kyrkje.


Tusen takk til alle som gjorde denne dagen mulig, og takk til alle som blei med på turen.

I 2024 går me turen frå Ulvik til Granvin, hald av datoen 8 september 2024

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget