Vil du vera med seniorgruppa i Stord-Fitjar Turlag på tur?
Turgåing er blitt ein meir og meir populær fritidsaktivitet, både for yngre og eldre, og all forskning viser at helsefordelane er svært store ved å gå turar i skog og mark og fjell. Nokre vil helst gå åleine, men mange ønskjer å få med den sosiale biten ved å delta i turar der fleire er med.
Seniorgruppa i Stord-Fitjar turlag arrangerer slike fellesturar kvar onsdag. Vårt hovedfokus er pensjonistar, og me ønskjer at så mange som muleg skal komma seg opp av godstolen. Di eldre du blir, di viktigare blir det å halda kroppen i aktivitet, og me tilbyr både lette og meir krevande turar. I tillegg går me mykje på stiar, både i skogen og på fjellet, noko som betyr gratis balansetrening og svært variert muskelbruk. Dessutan kjem du deg ut og får treffa andre menneske og bli kjend på nye stader.
Onsdagsturane våre omtalar me som tur 1 og tur 2 i partalsveker, og Fitjartur i oddetalsveker. Tur 1 er ein middels til krevande tur, noko lengre, litt fleire høgdemeter og i litt høgare tempo enn tur 2. Desse turane har startpunkt på Vabakkjen. mens Fitjartur har startpunkt ved bedehuset på Fitjar og stort sett er enkle eller middels turar. Det er ikkje krav om medlemsskap i turlaget om du ønskjer å vera med på onsdagsturane, men kjekt om du som medlem støttar arbeidet vårt.
For dei av oss som kanskje ikkje lenger klarar å gå lengre turar, og alle andre som synest det er fint med ein god drøs rundt gratis bålkaffi ute i naturen, arrangerer me noko som vert kalla Aktiv til 100 i gapahukane våre i Hustrudalen, Skjephaugen og Stuavikjo ved Ådlandsvatnet.
På måndagar i partalsveker lagar me kaffi i Hustrudalen, og på torsdagar i Skjephaugen.
Torsdagar i oddetalsveker blir kaffien servert i Stuavikjo. Om du ønskjer å eta noko, må du ta med litt niste. Me ønskjer gamle og nye turvener hjartans velkomne til turane i haust! Onsdagsturane startar 20. august, og Aktiv til 100 18. august. Onsdagsturane vert annonserte i Bladet Sunnhordland kvar månad. Sjå elles www.stord-fitjar.dnt.no for fullt program og meir info. Ta kontakt om du lurer på noko.
For Seniorgruppa i Stord-Fitjar turlag,
Anne Kristin Eldøy, leiar
Se også

