Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Nyhende

Offisiell åpning av det nye Vaskehuset på Lundastøl

Torsdag 19. November var det duka for formell åpning av det nye Vaskehuset på Lundastøl. Dugnasgjengen var invitert til åtgaum og hederleg omtale.

Publisert: 19. oktober 2023
Skrevet av: Frank Breistein
Nyheter
Dugnadsgjengen saman med dei som berre kastar glans. Foto:

Prosjektleiar Magne Jostein Mikkelson og Dugnadsleiar Gunnar Grov stod i spissen for eit dugnadslag på nær 20 mann som har gjort jobben. Rundt 500 dugnadstimar har gått med og eigarane av Lundastøl Vågslid Ferieheim (fagforeiningane på Aker Solutions) har kosta alt materiell. Eit svært godt partnerskap.

Etter velkomst og ei kort innføring i prosjekthistorikken som starta i 2018 av Frank Breistein var det fellesfotografering ved vaskehuset og synfaring av herleg domen. Deretter gjekk fyljet opp til Lundastølen der Gerda og Marit venta med påsmurte baguettar, nysteikte bollar og marsjopankake med "Lundastøl" som påskrift.

Leiar i SFT, Tom Knudsen, takka her dugnadsgjengen og spesielt prosjektleiar Magne Jostein Mikkelson og dugnadsleiar Gunnar Grov for jobben som var gjordt. Han takka også Vågslid Ferieheim for å ha kosta materiellet.

Så var det nøkkeloverlevering frå SFT ved Magne Jostein Mikkelson til eigarane ved Roger Sæverud Sagvåg. Magne fortalde om orienterte prosjektet og utfordringane med å få byggja nytt bygg i staden for å oppgradera. Avgjeda måtte til statsforvaltaren i Vestland.

Roger Sæverud Sagvåg, Svein Vestrheim og Eddie Helland representerte eigarane. Roger roste dugnadsgjengen som fekk kvar si lita gåve. Han sa i sin tale at grunnen til at dei fortsatt eig Lundastøl var at staden skal vera tilgjengeleg for alle og at Lundastøl ikkje måtte koma på heilt private hender. Slik var turlaget med dugnadsgjengen ein svært god leigetakar. 

Så var det nøkkeloverlevering frå Roger tilbake til SFT, og no til driftsleiaren av hyttene, Gerda Øen. Gerda hadde førebudd seg og framstod no som Anna, andre kona til Peder Lundastøl. Anna tok imot nøkkelen på høveleg vis slik berre Gerda kan.

Så til slutt kom sjølvaste Peder Lundastøl slepande på børa si. Han hadde gått ifrå vikjo og var so øvegoven av at det hadde blitt so fint stell på Lundastøl. Han fortalde livshistoria si som berre må høyrast av alle. Takk Bjørn Arve Lunde for ei framifrå framføring.

Leiar i SFT, Tom Knudsen, takkar Magne Jostein og Gunnar for jobben
Leiaren i Stord Fitjar Turlag takkar prosjektleiar Magne Jostein Mikkelson og dugnadsleiar Gunnar Grov

LL

Magne Jostein orienterer om prosjektet
Magne Jostein fortel om prosjektet og utfordringar med godkjenning.Caption

 

Roger Sæverud frå Vågslid Ferieheim AS" (fagforeiningane på Aker Solutions)  takkar dugnadsjengen

Roger Sæverud Sagvåg frå eigarane takkar for innsatsen

Anna takkar so mykje for desse fotte tidene

Anna tar imot nøkkel

Til slutt kom Peder Lundastøl som fortalde om sitt liv på Lundastøl og var øvegjeven av kor fint det var blitt på Lundastøl

Peder Lundastøl kjem

Peder og Anna
Peder og Anna

Marsjopankaka

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget