Sunnmøre 2022
Turlaget fekk atter ein gong full oppslutnad på nettutlyst augustseniortur då dei baud inn til fjell- og kulturvandring på Sunnmøre. Lokal kjentmann, Stordbusett sunnmøring og røynd turleiar borga for at dette kunne bli ein kvalitetstur. Sunnmørsalpane, dei sylkvasse fjella alle har sett på bilete, skulle erobrast.! Og kultur skulle serverast.

Sæbø, bygda midt i Hjørundfjorden, var samlingsstaden og utgangspunktet for alle dagsturane. Me var altså i Ørsta kommune. Mange dugande kjentfolk, avlidne og nolevande, kjem derfrå.
Turkåte seniorar kunne velja 1-ar- eller 2-artur. Skilnaden gjekk på lengd, høgdemeter, tempo og ikkje minst sjåverdige stader. Inngåande førehandsinformasjon og faktaskilnader for alle turane vart gitt av turleiarane Frank Breistein og Åsmund Ekroll, sunnmøring/stordabu, samt lokalhistorikar/pensjonert lærar/turmann Kjell Martin Rønning som også var leiar for seniorgruppa i Sunnmøre Turlag. Desse hadde saman prøvegått ulike ruter, og avklart seg imellom kor dei ville ha oss med. Utvalet av fjell, ruter og kulturinnslag i dette området er sjeldan rikt. Deira val viste seg å vera frå øvste hylle. Dei nær 30 seniorane delte seg greitt i to grupper. Turleiarane delte også på kva tur dei leia. Søknaden om godvêr hadde tydelegvis nådd fram. Dei få dropane me opplevde kunne vore samla i ein turkopp.
For geografiinteresserte, og sjølvsagt for lesarar med røter frå Sunnmøre, gjeld det å kartleita seg fram til Molladalen, Grønatind, Trandal, Nes, Øye, Skårasalen, Leknes, Urke og Urkeeggi. På desse stadene fekk med trø på høgreiste tindar og lytta til lokale soger og segn. Ytterpunkta var nok vidsynet frå Skårasalen (nær 1600 m) med stupbratt 1000 meters fjellside, og synfaringa på Christian Gaard i Trandal, einbølt, men særs rik på kultur. Eit minnerikt høgdepunkt var det også då Kjell lokalmann auste av sin historierikdom, frå toppen av Urkeeggi og heile vegen ned til sjøkanten. Han viste til aktive Hjørundfjord Sogelag for dei som ville vita meir om folk, fe og fjord.
Seniorane hadde gode Sunnmørsdagar. Turar og opplevingar vart på supplert med sosiale samlingar, hesteskokasting, smaksprøvar og impulsive kulturinnslag. Alt utan uhell eller plastringstrong. Sagafjord Hotell får ros utan atterhald for ekte gjestmildskap. Mest ros går likevel til turleiarane Frank Breistein og Åsmund Ekroll for leiarskap henta frå høgaste hylle.
Helsing frå nøgd senior
Odd Stuve Rommetveit
Tur 2 på veg opp til Molladalen Måndag (fyrste dagen). Dei få dråpane som neppe kan kallast regn tok slutt her. Humøret var på topp og lettelse i antrekk inntraff omtrent her. Klippane i Molladalen kan skimtast bakerst i biletet.
Her er Tur 2 gruppa framme i Molladalen og gruppebilde må sjølvsagt takast ved turmålet. Klippene som du ser i bakgrunnen strekte seg i ein halvsirkel rundt vatnet og lagde ei trolsk stemning. Turen innebar 600 høgdemeter og gruppa var svært glad for klara dette.
Her er nokre av Tur 1 gruppa på veg oppover Måndag. Dei gjekk også til Molladalen men etter ein pause der gjekk dei vidare til Grønepiggen eit turmål som låg 200 høgdemeter høgare enn Molladalen.
Her er Tur 1 gruppa ved Grønetinden og nyt utsikten.
Tirsdag var det kulturdag. Me vart henta av skyssbåt på Sæbø og frakta over på andere sida av fjorden eit sykke lengre ute, til Trandal. Kjell Martin Rønningen, lokal turleiar frå Sunnmøre Turlag, tok vandring langs den isolerte vegen og fortalde historia om gardane og slekt. Sjølv vaks han opp littlengre ute i fjorden på ein einbølt gard før han flytta til meir sentrale strøk. Han kunne historia si.
Her er turfyljet på båttur utover og innover i fjorden med Kjell som guide. Her fekk me bl.a. høyra historia om raset på Molaupen der folk blei tatt av raset og mange naboar som prøvede å berga dei også omkom då det kom nytt ras.
Her er me i Trandal på Christian Gaard, eit gardstun som har overlevd på arrangement og servering. Dei arrangerte 3 festivalar kvart år: Blues-, Country- og Rockfestival. Størst var nok bluesfestivalen som hadde internasjonale bluesartistar. Bror til Mick Jagger hadde vore der.
Tirsdag kveld var det duka for hesteskokasting konkurranse. Her er lokal turleiar, Kjell, klar for eit kast. Flott vær og god stemning.
Hesteskokasting kan vera ei lang turnering. Her er nokre av tilskuarane og heiagjeng
Premieutdeling for hesteskokasting skjedde ved trekning. Her er to lukkelege søstre som har vunne, Annbjørg Myklebust og Anne Karin Maurangsnes, populære vinnarar.
Onsdag skulle Tur 1 ut på den mest krevande turen: Skårasalen på 1540 moh. Starten var på 500 moh så det innebar over 1000 høgdemeter. Her er ein pause på ca 1000 moh
Nesten oppe. Odd Stuve Rommetveit er nøgd og helsar på fotografen.
På toppen med eit strålande nøgd tufylje. Her var det utsikt over Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden
På veg ned kom me for bi ei snøfond som sjølvsagt måtte vera med på eit bilete.
Snøfonna i bekken var sjølvsagt fristande for ein god fotograf.
Her var lårmusklane blitt noko møyre, men til gjengjeld satt smilet laust. Her er me nede i krattskogen igjenn.
Tur 2 gjekk Onsdag til Urkeegga, eit turmål på andre sida av fjorden med flott utsikt. Her er dei samla i gapahuken litt før toppen.
Her er utsikten frå Urkeegga. Høgste fjellet på andre sida av fjorden er Skårasalen som Tur 1 gruppa var på same dagen. Bygda nede til høgre er Sæbø.
På avslutningsmøtet Onsdag kveld etter middagen serverte Odd og Siv tysk "Irish Coffe".
Se også

