Sumar i fjellet
I slutten av juni og i juli månad byrjar sommarferien for dei fleste av oss. I fjellet er det fri adgang for alle som ynskjer å gå på tur. Her gjeld allemannsretten – dette er eit viktig prinsipp, men også eit stort ansvar. Det er mange flotte turmål i fjellheimen vår. Her kan ein få opplevingar som vert gode minner å snakka om seinare.

Sauer og lam i fjellet
Over tusen sauer, lam og storfe beitar no i dei same områda. Saueeigarane går tilsynsrundar for å sjå til at sauene har det bra. Dei set i tillegg stor pris på at turgåarar observerer dyr dei går forbi. Ser ein halte eller sjuke dyr må dei melda ifrå om dette. Det same gjeld om ein finn døde dyr/kadaver, eller dyr som har gått seg fast i ein fjellskrent.
Kvar sau og lam har sitt eige identitetsmerke ofte med ulike fargar. Tek du eit bilete av eit øyremerke må du prøva å få med det 7 siffra nummeret som står øverst. Dette nummeret fortel oss kven eigaren er. Det nederste nummeret er sauen/lammet sitt individnummer. Ser du på baksida av øyremerket vil du også kunna finna eit namn. Om du ikkje kjem nært nok til å ta eit bilete, kan det også vera til hjelp dersom du greier å observera fargen på øyremerka.
Meld i frå til:
Tore Atle Sørheim (Stord) 906 20 154
John Karsten Raunholm (Fitjar) 975 01 370
Ferdsle på stiar og vegar
I fjellet er det mange turstiar som er godt merka. I tillegg kan det vera dyretrakk etter hjort eller sauer. Når du går på turstiane/dyretrakka og får sauer eller lam framfor deg er det fint om du tek ein liten u- sving slik at du kjem forbi dei. Sauene kan gå heilt ned i låglandet til staden dei vart sleppte dersom dei har turfolk bak seg.
Hundeeigarar
Hundeeigarar har eit stort ansvar når dei er ute på tur. Det er følgjande bandtvang forskrifter i kommunane Stord og Fitjar.
Stord: Bandtvang frå 1. april – 1. oktober. (Forskrifta fortel kva område dette gjeld for). Forskrift om bandtvang, Stord kommune, Vestland - Lovdata
Fitjar: Bandtvang frå 1. april – 15. oktober. (Forskrifta fortel kva område dette gjeld for). Forskrift om bandtvang, Fitjar kommune, Hordaland - Lovdata
«Føremålet med forskrifta er å verne om beitedyr, og redusere konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta ved å leggje vekt på tryggleik og trivsel for husdyr, vilt og menneske.»
Skulle ein hundeeigar vera uheldig slik at hunden kjem seg laus og spring etter dyr, må ein melda ifrå med ein gong.
Alle har eit ansvar
Alle har eit ansvar når dei ferdast i fjellet. Sjølv med litt ulike interesser og verdigrunnlag er me samde om at punkta ovanfor er viktige moment å hugsa på når ein er ute på tur.
Sommarhelsing frå:
Stord og Fitjar beitelag
Fitjar og Stord sau og geit
Stord – Fitjar turlag
Fitjar – Stord hundeklubb
Se også

