Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Stord på langs 2023

Me hadde tåke, me hadde regn, me hadde vind frå kvar ei side, og etter seks timar vandring var denne gjengen fortsatt like blide

Publisert: 15. september 2023
Turreferat


Dei tre turleiarane vart fyrst og fremst imponerte over at 12 sprekingar stilte opp ved Fjellstova klokka 08:30 laurdag morgon, med eit vêr som freista dei fleste til inneaktivitetar. Det som likevel imponerte aller mest, var alle sin ekte motivasjonen til å trassa vêret og ha ein strålande fin tur over fjellet.

Me starta turen ved Heio, og gjekk via Kvelve og Tjødnadalen opp til Mehammarsåta. Det var godt dei fleste hadde sett utsikten før, for det var ikkje noko utsyn å snakke om denne dagen. På Mehammarsåta var det berre ein rask stopp for å sørge for biletedokumentasjon på øya sin høgaste topp. Men med regn, vind og dårleg sikt var fotografering, til liks med nistepausar, det som var mest utfordrande på denne turen. Me fortsette nedover mot Mosavatnet og Kjerringjo, før me snudde opp mot Beinatjødnsvarden for å få med oss ein bonustopp på veg ned til Olstjødno.

Det var ein fjellvant gjeng som var med, så med godt tempo i tillegg til dårlege forhold for lange pausar i lyngen, gjekk turen unna på seks imponerande timar. Det velkjende ordtakat "det fins ikkje dårleg vêr, berre dårlege kler" vart nemnt eit ukjent antall gonger, men sjølv dei beste kleda kunne ikkje hindre at det var eit gjennomvått turfølge som sette seg i god og varm buss ved Olstjødno. Og når du på veg tilbake til Fjellstova høyrer tilbakemeldingar som "dette var ein fantastisk flott tur", tenkjer ein at jammen er det kjekt å nyta fjellet med flott følgje, sjølv i ufint vêr.

Takk for ein fin tur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget