Seniortur til Ulvik 31. Mai - 3. Juni
31.Mai - 3. Juni var seniorlaget på overnattingstur til Ulvik. Denne gongen var det Kjell Vestreheim som hadde invitert til heimbygda. Saman med kona Gerd Torunn hadde dei lagt opp eit program som var ein ulvikar verdig. Brakanes hotell med uteområder mot sjø viste seg å vera rette staden for gruppa desse dagane.
Sommaren var komen og starta med heilt blanke dagar, vindstille, blå himmel og temperatur på over 20 grader. Betre dagar kunne ikkje vor vald for tur. Det var lagt opp til 2 parallelle turar slik onsdagturane er gjennomført heime. Første dagen gjekk tur 1 "Almannavegen" eller "Postvegen" frå Granvin til Ulvik medan tur 2 gjekk langs Solsøvatnet og ein rundur til Jonsstølen. Andre dagen gjekk tur 1 til Kristinuten medan tur 2 gjekk rudt Åsen (Aosen) og til Jobykset.
Høgdepunktet etter turane var å hoppa i sjøen for å kjøla skinnet og så få seg noko som kjølte innvortes.
Ankomstdagen vitja me fyrst Syse Gard med produkdjon og salg av sider, pølser og kjøtt. Deretter vidare til siderfabrikken på Lekve Gard. Her vart det middag på alle. Me fekk også helsa på Ulvik Turlag med leiar, Hilde Underdal, og dei 2 turleiarane som skulle vera med oss dei neste dagane, Steinar Bergo og Jarle Vestrheim. Eit særs hyggjeleg kjennskap.
På vegen heim overraska Kjell med ein stopp i barndomsheimen hans, eit lite fint hus som låg ved sjøen.
Ved bordsetet om kveldane vart det underhalding av høg kvalitet. Svein Harald Grov og Oddvar Rommetveit song Bellmann og Evert Taube medan Harald Statutland leia allsong om HSD-bilane og las Jacop Sande.
Kvelden før avreisedagen hadde Kjell laga til quiz for heile turfyljet. Det utvikla seg til stor underhaldning. Det er i skrivande stund ukjent kven som vant.
Avreisedagen var vigd til Olav H. Hauge. Fyrst opp til garden der han vart fødd og vaks opp. Olav ....... som gardseigar og forteljar. Han tok oss deretter ned til huset der diktaren budde i vaksen alder til han gjekk bort. Så bar det ned til Haugesenteret der me fekk sjå film og høyra forteljing om Olav H. Hauge si liv dikting. Ein svært god avslutning på turen.
Jarle Vestrheim og Frank Breistein var turleiarar.