Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Nyhende

Heiderspris til Gerda

Stord-Fitjar Turlagets eiga Gerda Øen vann heidersknappen.

Publisert: 28. april 2024
Nyheter
Gerda Øen i kjent stil, her saman med Marit Sætre Cruickshanks og Jarle Hevrøy. Foto: ATW

Då det var årsmøte i Bergen og Hordaland Turlag vart Gerda Øen heidra med heiderspris til stor applaus. Prisen heiter "Heidersknappen" og den mottek ho for sin gode og tydelege innsats i turlaget over 10år. Noko av begrunninga for at Gerda mottek denne prisen at ho viser eit stort engasjement og at ho alltid går inn med 110% i det ho gjer. Noko me alle som har møtt ho kan skrive under på. Gratulerer med prisen Gerda! Tidlegare har Gerda motteke Solrenningsprisen (2019), som er Bergen og Hordaland Turlag`s friviljugskapspris. 

På bilete ser me Stord-Fitjar Turlag`s medlem Marit Sætre Cruickshanks, som tidlegare har motteke Heidersknappen, og Æresmedlem Jarle Hevrøy. 

SFT har fleire medlem som har motteke Heidersknappen og me ser ikkje vekk i frå at det kjem til å bli fleire i framtida. Me er stolte av alle våre medlem og gleder oss til mange fine turar saman i 2024! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget