Tur på Hardangervidda
Ein flott og sprek turgjeng starta ut med bil frå Leirvik fredag morgon den 18. august saman med turleiarane Gudny E. Kydland og Berit Agasøster. Med oss var også mentor og kjentmann Jarle Hevrøy.
Etter ca 3,5 time i bil kom me til Øvre Eidfjord og starta den første spektakulære etappen på turen, bilturen opp til Hjølmoberget. Det var fleire i turfølget som var glade for at denne etappen ikkje var nøye skildra på førehand, då det er ein svært luftig, men flott køyretur opp til 900 m høgde. Men med god (men smal) veg gjekk dette veldig fint og gjorde at me kunne starte turen til Vivelid via Valurfossen med ikkje alt for mange høgdemeter att.
Til Valurfossen er det god sti og mange flotte plassar undervegs å beundre den spektakulære utsikta. Valurfossen i seg sjølv er også eit flott skode, der elva Veig kjem ut i eit nær 270 m stort fossefall ned mot Eidfjord.
Ved hytta Vivelid vart det tid til eit forfriskande bad i elva før ein nydeleg middag stod for tur. Etterpå vart det lått og løye med quiz og Jarle delte av sin kunnskap om området og historie om hytta Vivelid der ei tragisk hending skjedde for mange år sidan, der 2 slektningar fall i elva og for i Valurfossen utan at dei nokon gong vart funne att.
Neste morgon var det klar for hovudturen og den lengste etappen frå Vivelid via Finnabu til Hedlo. Ein 6 timars tur som gjekk i idylliske omgjevnader langs elva Vivo før lett stigning mot Finnabu med flott utsikt mot Hardangerjøkulen (6. største isbree i Norge) i nord og Hårteigen (eitt av dei høgaste fjella på Hardangervidda 1690m) i sør.
Etter ein god matpause ved stølane på Finnabu, fortsette turen mot Hedlo. Då vart det bruk for regnkleda vi hadde pakka med oss så då vi kom over kanten og såg ned i dalen mot hytta var det strake vegen ned til Hedlo. Det var godt å kome inn å ete resten av nistepakken med noko godt i glaset. Eit fjellbad vart det også tid til før ein nydeleg middag vart servert oss. Bursdagssong til Berit og kake vert også servert. Kvelden avslutta vi med resten av quizen og god prat rundt bordet.
Søndag vakna vi til sol og shortsvêr og alle gledde seg til nydeleg dag der me hadde lagt løypa litt om slik at vi kunne nyte utsikten over såtefjella. Den første timen var det særs flott, men så kom tåka snikandes og me fekk akkurat hatt nistepause før det vart heilt tett. Men med god sti og GPS var ikkje det noko problem å finne tilbake til Hjølmo og bilane. (Hedlo – Storasåta - Vetlasåta – Hjølmo) Etter ei fin turhelg avslutta me med å køyre innom Vøringsfossen som ikkje ligg så langt frå Eidfjord. Det var verkeleg verd omvegen for det var eit særs flott skode. Så har du ikkje vore der, så er det vel verd turen!
Takk for turen, me gler oss allerede til neste års tur!
For Stord Fitjar Turlag Gudny E. Kydland (turleiar)