Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Seniortur til Filefjell med Stord Fitjar Turlag 28.-31.8. 2025

Glade turfolk starta ferda mot Filefjell ein tidleg torsdag morgon. Me var 33 turgåarar som såg fram til vandring både på historiske stiar og vegar, og andre turmål i Filefjell.

Publisert: 09. september 2025
Turreferat
Foto:

Første dag på Vindhellavegen frå 1793, som er ein del av Kongevegen som går over Filefjell. Me kunne berre rusle og sjå på Imponerande murarkunst i bratt lende, og tenkje på innsatsen med det enkle utstyret dei hadde den gongen. Vidare på vår historiske vandring kom me inn på Sverrestigen frå 1177. Kyrkjevegen førte fram til Borgund stavkyrkje, kyrkja som overlevde og er den mest autentiske stavkyrkja frå den tida den vart bygd i 1180. Kunn 28 står att av dei 2000 som vart bygd. Sett utanfrå eit stort og ruvande byggverk av 2000 bygningsdelar, truleg reist med hjelp av stenger. Men det var då me forsiktig steig over dørstokken av me kjende det historiske suset frå ei anna tid. Ganske mørkt og trongt stod me der kyrkjelyden måtte stå og høyre lang gudsteneste på latin. Ikkje vindauge eller benker å sitja på.  Heilt til 1805 var det vanleg å gravleggje folk under kyrkjegolvet. Ufødde og udøypte born vart nekta grav på kyrkjegarden. Små øskjer med dødfødde har vorte gøymde under golvet. Der inne vart me minna om ei anna tid og heilt andre levevilkår. Kontrasten og høgdepunktet kunne ikkje bli større når me kom fram til Filefjellstuene der me skulle få nyte opphaldet. Nye og gjennomført vakre bygningar, nydeleg innreia rom med panoramautsikt. Alt i harmoniske fargar og innbydande interiør. I same rolege atmosfæren i den innbydande matsalen fekk me nyte ein utsøkt middag
som måtte etast med både munn og auge, nyte sakte.

Fredag kom med regn og skodde. Planen var å gå til Hødntind 1454 moh. Planen var endra til ein triveleg og betre egna tur i lågare terreng rundt Tyinvatnet. Lett å gå i fin bjørkeskog og mjukt underlag. Ein stopp der Birger fortalde om Thomaskyrkja si historie og dramatiske hendingar frå tida då folk som gjekk over Filefjell tok inn på eit herberge, Gamlestoga og segna om Gamlestogemannen. Ikkje noko for sarte sjeler, me var sjeleglad me kunne fortsetja turen i fred og tryggleik blant gode turvener. Same kvar me går har Birger kunnskap og forteljarglede om historie og hendingar der me går.

Takk til Jorunn og Per Audun som fiksa husrom til heile flokken når me kom til
Nystuen. Med godt mot gjekk turen vidare langs vatnet og heim til varm dusj og avslapping før neste aktivitet. Bodil og Per Inge er radarparet som får alle med når dei drar i gong innandørs golfturnering. Heilhjarta innsats og intens spenning frå start til slutt.

Laurdag var veret på vår side, og me kunne ta turen som planlagt til Skjeltrene 1387 moh. Turen starta på fylkesgrensa Vestland-Innlandet. Saman med turleiarane fekk me gleda av friluftsmannen Knut Anthun sin enorme erfaring og turglede. I roleg tempo med pustepausar tok me oss fram langs fjellsida og opp kneikane til toppen. Fint å nyte utsikta og kjenne på godfølelsen når turmålet er nådd. Knut kjentmann kunne fortelje kva me såg i alle retningane. Og sjølvsagt den gode og fortente nistepakken. Så var det berre å rusle nedover på mosekledde stiar, og la blikket ta inn fjellet i vakre fargar denne fine dagen.
Vel heime vart det like spanande aktivitetar denne dagen òg. Hesteskokasting og
stigegolf utadørs i finvêret. Høgtideleg premieutdeling etter middag. Den var i seg
sjølv ein stor matoppleving. Spanande lokal mat, kunstferdig dandert på fatet med nydelege smakar. Samlinga rundt bordet var den perfekte avslutninga på dagen. God prat, latter frå folk i godlag.


Søndag gjekk turen som planlagt mot Årdal og Utladalen. I sommarvêr rusla me på Folkevegen til Vetti langs Utlaelva. Me følgde merka sti opp til Avdal Gard 375 bratte moh. Tempoet var roleg med nødvendige pustepausar. Vel oppe venta ei fin oppleving. Godt var det med vaflar og kaffi, men ekstra godt smakte det på denne vakre fjellgarden. Gamle hus var sett i stand ute og inne. Garden sin spanande historie heilt frå 1500 talet gjorde inntrykk. Slitet det måtte vera å driva ein slik gard, og det at gardsfolket måtte forlate garden pga forureining frå aluminiumsverket i Årdal. No kan turfolk gleda seg over den vakre garden og naturen rundt. Etter turen ned til Utlaelva var det tid for «takk for turen» og heimreis.

Stor takk og heider til Anne og Birger, Jorunn og Per Audun for eit framifrå opplegg og dyktig leiing av både turar og alt anna som følgjer med.
33 takksame turvener har fått oppleve gleda som fjellet kan gi for både kropp og sjel.


Aud Spissøy Horneland og Unn Sara Spissøy

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget