Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Gerda mottok Dugnadspris under DNT's landsmøte i Stavanger

DNT's dugnadspris deles ut til personar som har utmerka seg med engasjement og innsats for DNT. Kvart år legg tusenvis av enkeltpersonar og dugnadsgrupper ned ei formidabel innsats for si foreining eller sitt turlag. DNT er heilt avhengig av denne innsatsen og heidersteiknet deles ut i takknemlighet for innsatsen. Det vart ei rørande stund for heile den fullsatte salen då Gerda gjekk opp på scena for å motta prisen. Ho var sjølv tydeleg bevegd og fanga salen med sitt brennande engasjement for friluftslivet og komande generasjonar turfolk.

Publisert: 16. juni 2025
Nyheter
Dugnadspris til Gerda
Foto: Line Hårklau

Frå nominasjonen:

Gerda Øen har vært friviljug i Stord-Fitjar Turlag sidan 2014, og er eit dugnadsmenneske av rang! Ho blir i Bergen og Hordaland Turlag omtalt som «Alle skulle hatt en Gerda». Gerda tar vare på dei friviljuge i Stord-Fitjar Turlag og støttespelarar elles i Bergen og Hordaland Turlag. Ho strikker huer til frivillige, og ho lagar til fantastisk bakverk når det er dugnad.
Gerda blei styreleiar i Stord-Fitjar Turlag i 2014, og var det fram til 2023. Ho er framleis i styret med driftsansvar for hytter, gapahuker med meir. Same år som ho blei styreleiar gjorde ho ein flott jobb med organisering og tilrettelegging i forbindelse med ombygging av «Tårnet» på Stovegolvet. Ho har organisert tilsyn og reinhald og laga vaktlister for alle gapahukene frå ho overtok som leiar i laget, og har no også ansvar for turlagshyttene Lundastøl og Stovegolvet. Gerda er også sommerturleiar og er, og har vært siden 2016, ein av dei mest aktive turleiarane i Stord-Fitjar Turlag.


Gerda er som ein «virvelvind». Ho er så engasjert og gir 110 % i alt som ho er med på. Andre frivillige i organisasjonen blir revet med, og ho er ein stor inspirasjon. I Gerda si tid som styreleiar har medlemstallet økt.
Også i lavlandet har Gerda gjort ein innsats, spesielt når det gjeld turvegar og stiar. Ho har til og med fått ein sti oppkalt etter seg; "Gerdastien".  

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget