Stord Rotary Club med støtte til turlagets OPPTUR!
Onsdag 7. mai går den årlege Oppturen av stabelen, for alle 8.-klassingar på Stord og Fitjar. Tidlegare har Sunnhordland omtalt at Stord Kommune ikkje har kunna støtte buss-utgifter til årets tur, slik det har gjort tidlegare år.
Publisert: 29. april 2025
Nyhet
Foto: https://stord.rotary.no/
Tom Knudsen, leiar av Stord-Fitjar Turlag har vert ute i avisa og sagt at turen likevel blir gjennomført og at det er søkt om midlar frå andre hold.
Sverre Olav Svarstad i Stord Rotary Club tok tak i saka og seier at dei stiller med 10 000,- i bidrag til bussturen.
Stord-Fitjar Turlag takkar veldig for støtta og me er klar for ein av vårens store eventyr saman med 8. klassingane på øya!