Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Nyhende

6 nye turleiarar i SFT og 2 frå Bømlo

Bømlo Turlag og Stord-Fitjar Turlag har hatt grunnleggjande turleiarkurs på  Bømlo, med Bømlohallen som base.

Publisert: 30. juni 2023
Turreferat

 

Det vart litt av og påmelding heilt fram til kurs start, men 6 frå Stord-Fitjar Turlag og 2 frå Bømlo Turlag var med på kurset. Kjekt at me fekk med oss 2 kjekke ungdomar frå DNT ung Bømlo på kurset.
Me møttest lørdag kl.0900 i Bømlohallen,først litt teori inne, litt innføring i det å vera turleiar, bruk av kart og kompass og sikkerhet på tur. Så var det ut på tur i «Svortlandsmarka» der alle fekk prøva seg som Turleiarar, i vekslande vær, der snøbyer med dårleg sikt gav visse utfordringar.

Litt teori inne også søndagen, så var det ut på tur, ein litt lengre tur denne dagen. Idag var det  Goddo som stod på programmet, ein tur med innlagde caser og litt orientering utanfor sti i eit litt utfordrane område, der ikkje terenget alltid stemmer med kartet. Det er ikkje mange høge toppar på Goddo, men det vart likevell mange høgdemeter på turen. Med indeling i grupper fekk alle prøva seg som turleiarar i dag og. Også i dag fekk me føling med Kong Vinter.

Kurset vart avslutta i Kurebu, Dagsturhytta på Bømlo, med evaluering og utdeling av Kursbevis.

Det var ein engasjert og flott gjeng me hadde med oss på kurs denne helga, så Turlaga på Stord og Bømlo har fått nokre flinke og engasjerte Turleiarar

Håpar dei får prøva seg som Turleiar på turlagsturar så snart som mogleg.

Kursleiarar

Nils Magne Helle,

Jarle Hevrøy

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget