Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Nye turleiarar i DNT Stord-Fitjar og Bømlo Turlag

Frivillig i DNT Stord-Fitjar

DNT Stord-Fitjar vert drifta av frivillige. Me arbeider for å skape eit godt miljø for det enkle, tradisjonsrike og naturvenlege friluftslivet.

Publisert: 05. mai 2023
Om DNT

Bli frivillig

Som frivillig i DNT Stord-Fitjar kan du delta på dugnader, tilsyn av hytter og gapahuker, tilsyn av stinett eller bli turleiar. 

Du kan også bli med i gruppestyrer eller hovudstyret. 

Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Då kan du melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag der du kan velja DNT Stord-Fitjar  som lokallag. DNT Stord-Fitjar får melding om alle som melder seg her. 

Registrer deg som frivillig her 

Tilsyn av hytter og gapahuker

Driftsgruppa i DNT Stord-Fitjar er ansvarleg for tilsyn av hyttene Lundastøl og Stovegolvet samt gapahukane Skjepåsen, Stuvikjo og Hustrudalen. 

Send epost til dntstord-fitjar@dnt.no om du vil vera med på tilsynsjobben.

Bli turleiar?

Nokre frivillige ynksjer å ta steget vidare og tar turleiarutdanning. Denne utdanninga er delt inn i fleire nivå, og ein velgjer sjølv kor mange nivå ein vil ta. 

For å kunne vere turleiar i DNT Stord-Fitjar er det krav om å ha dei to første modulene i turleiarutdanninga: 

Ambassadørkurs 
Nærturleiar / eller grunnleggjande turleiar 


Les meir om DNT si turleiarutdanninga her.

Bli med på dugnad

Stinettet I Stord og Fitjar er vedlikehodt av frivillige som utfører tilsyn og vedlikehald ein gong i året. Ved større avvik vert det mobilisert eigne dugnadsprosjekt. Dette kan vera legging av klopper eller steinsetting i våte områder, bygging av bruer, rydding av rotvelter os.v.

Send epost til dntstord-fitjar@dnt.no om du vil vera med i dugnadsgjengen. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget