Seniorturar
Seniorgruppa er ei gruppe i Stord-Fitjar Turlag. Den vart skipa hausten 2008. Gruppa har som oppgåve å fremja interessa for friluftsliv blant seniorar og andre i samsvar med Stord-Fitjar Turlag sine retningsliner.
Les generelt om turtilbodet for seniorar her
Gruppa arrangerer turar i kategorien "Passar best for seniorar" men alle som vil er velkomne til å delta. Det betyr at turane går i noko lavare tempo enn ellers. Fylgjande turar blir arrangert:
Aktiv til 100 turar: Tur på ca 2-3 km til saman T/R til gapahuker i Skjephaugen (Torsdag i partalsveker), Stuvikjo (Torsdag i oddetalsveker) og Hustrudalen (Måndag i oddetalsveker) der det vert servert kokekaffi laga på bålpanna. Det er laga eiga brosjyre for kvar av dei 3 Aktiv til 100 turane som viser program for turane
Tur 2: Enkel tur onsdager i partalsveker. Annonse i Sunnhordland Tysdag før turen.
Tur Fitjar: Varierer mellom enkel og middels tur. Oddetalsveker. Annonse i Sunnhordland Tysdag før turen.
Tur 1: Middels tur onsdag i partalsveker. Annonse i Sunnhordland Tysdag før turen.
Overnattingsturar: Kvart år blir det arrangert 2-4 overnattingsturar normalt Måndag-Torsdag eller Søndag-Torsdag. Overnattingane for kvar tur er normalt på same plass for alle dagane.
Det vert kvart år laga brosjyrer med turprogram for alle typar tur til årsmøtet i Februar. I tillegg er turane å finna på nettsida til turlaget.
Her kan du sjå turprogrammet vårt.
Merk! Det er ikkje lov å ta hund med på seniorturar.