
Tradisjonsbåtar - Oselvarane våre
Osterøy turlag har over tid hatt eit stort prosjekt for å ta vare på tradisjonane på Osterøy med bruk av båt til nært sagt alt. Vi har difor fått bygd to flotte seksæringar på Oselvarverkstaden, som no er plassert i naust i Lonevåg. Målet er å ta vare på tradisjonane med bruk av båt på fjorden. Vi vil leggja til rette for ulike aktivitetar med båtane, samarbeide med skular og organisasjonar om opplæring og bruk av dei, samt utlån til interesserte.
Tradisjonsbåtprosjektet har vore eit stort lyft for turlaget, og vi er svært takksame for all støtten som har vore ytt frå bedrifter og næringsliv. Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg.
Båtane er fullt utstyrt med segl og det heile. Vi arbeider med å finne gode måtar for aktivitet, utlån, opplæring m.v.
Robåtgruppa består av:
Jørgen Varden, Tony Lillefosse, Kåre Brekke, Olav T. Jacobsen og Atle Solberg.
For utlån eller andre spørsmål kan ein kontakte:
Jørgen Varden. tlf: 915 51 493
Se også

